Hopp til innhold

Vil sette ut piano over heile landet

På Østbanehallen i Oslo står det eit flygel, og alle som vil kan spele på det. Slikt kan det no bli meir av i Noreg.

På Østbanehallen i Oslo står det eit flygel, og alle som vil kan spele på det. Slikt kan det no bli meir av i Noreg. Alt den første dagen var Paula Aarseth Tunstad der og spelte. På opninga var pianist Erlend Skomsvoll til stades.

FOR ALLE: Paula Aarseth Tunstad spelar på flygelet som er plassert i Østbanehallen i Oslo. Eit prosjekt kalla Parkert Piano plasserer flygel i det offentlege rom, og no kan også andre søke om å få eit piano som står disponibelt for den som vil spele. Erlend Skomsvoll spelte på opningsdagen. FOTO: Lars Ivar Nordal.

– Eg trur at det å ha eit instrument tilgjengeleg for så mange menneske kan skape mange veldig flotte møter, seier Paula Aarseth Tunstad.

Ho er ein av dei som set pris på at det no er plassert eit flygel i Østbanehallen i Oslo. Ho vart introdusert for eit liknande prosjektet alt for tre år sidan, då ho var utvekslingsstudent i Frankrike.

– Eg trur eg sakna pianoet like mykje som eg sakna familien min, og då eg då gjekk inn på ein togstasjon i Frankrike og såg at det stod eit piano der, til min disposisjon, så var det ei utruleg trøyst, seier Tunstad.

Vil folk skal oppdage musikksjangrar

Piano for alle i Østbanehallen, Oslo.

FOR ALLE: Eit flygel, i Østbanehallen, og alle som vil kan bruke det.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Initiativtakar til prosjektet Parkert Piano er Jeunesses Musicales Norway. Det startar på eit flygel i Østbanehallen, og i oktober vil det bli mogeleg for andre å søke om å få sette ut eit piano i sitt nærmiljø.

Dei som får innvilga søknaden får pianoet til odel og eige, med blant anna den føresetnaden at flygelet skal stå i offentleg rom i tre år.

Prosjektleiar Tine Tyldum i Parkert Piano

OPPLEVINGAR: Prosjektleiar Tine Tyldum i Parkert Piano håpar flygel og piano i offentlege rom kan gi folk gode musikkopplevingar.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

– Me gjer det for å gi folk musikkopplevingar der dei elles ikkje får det. Me håpar me kan nå ut slik at folk oppdagar musikksjangrar dei kanskje ikkje har eit forhold til elles, seier prosjektleiar Tine Tyldum.

– I tillegg ynskjer me å bruke prosjektet til å gi unge musikarar ein arena, legg ho til.

– Trur du folk torer å sette seg ned og spele?

– Med hjelp av designarar og produktutviklarar har me prøvde å skape ein arena som gjer at folk føler seg velkomen til å sette seg ned. Me har også alt opplevd at fem ungdommar sette seg ned for å spele, før me fekk sett opp skiltet, så det lovar godt, seier Tyldum.

– Får opplevingar

Erlend Skomsvoll i Østbanehallen i Oslo

VALT UT: Saman med ein ung makker har Erlend Skomsvoll fått teste flygelet han har valt ut, og som no står i Østbanehallen.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Jazzpianist Erlend Skomsvoll har hjelpt til på prosjektet, mellom anna ved å velje ut flygelet frå Schimmel klaverfabrikk i Tyskland. No har han fått teste instrumentet som står midt blant restaurantar og reisande.

– Det veldig spanande å plassere flotte instrument der menneske ferdast, for det gjer at dei får opplevingar som dei ikkje trudde at dei skulle få, seier Skomsvoll.

– Det er utruleg hyggeleg å spele der det er menneske, og eg ser at folk smiler og lurer. Det viktige er at dei som går forbi anten opplever fin musikk eller får lyst til å spele sjølv, seier han.

Et parkert flygel ble i dag plassert ut i Østbanehallen i Oslo. Instrumentet skal være tilgjengeleg for alle, både profesjonelle og små amatørar.

Kulturstrøm

  • Ber USA utvise russiske journalister og ambassadør

    Avisen Wall Street Journal ber USA utvise den russiske ambassadøren og russiske journalister, som svar på pågripelsen av deres korrespondent i Russland, ifølge nyhetsbyrået AFP.

    – En utvisning av Russlands ambassadør til USA, samt alle russiske journalister som jobber her, er det minste vi forventer, skriver avisa i en lederartikkel.

    – Timingen av arrestasjonen ser ut til å være en nøye kalkulert provokasjon for å sette USA i forlegenhet og skremme utenlandsk presse som fortsatt er til stede i Russland, heter det videre.

    Det hvite hus har fordømt fengslingen av Gershkovich og advarer amerikanske statsborgere mot å reise til Russland. Amerikanere som alt befinner seg der, oppfordres til å forlate landet.

  • Vin- og spritflasker kan få advarsler

    Alkoholbruk kan gi økt risiko for en rekke sykdommer, og regjeringen vurderer å merke alkoholholdig drikke med en advarsel.

    Alkohol er det mest brukte rusmiddelet i befolkningen, og størstedelen av de helsemessige og sosiale rusproblemene i samfunnet er knyttet til alkohol, slås det fast i Folkehelsemeldingen.

    En mulig merkeordning er et av tiltakene regjeringen ser på for å redusere alkoholbruken.

    Norge har satt som mål å reduseres skadelig bruk av alkohol med 20 prosent innen 2030. Det vil være utfordrende siden Norge allerede har tatt ut en stor del av gevinsten gjennom en restriktiv alkoholpoliti. Ikke desto mindre vil myndighetene arbeidere videre for å nå målet, heter det i meldingen, som helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) la fram fredag.

    (NTB)