Hopp til innhold

No kan du rope til TV-en - og få svar

Apple ynskjer å revolusjonere TV-tittinga med ein TV du kan snakke til. Men vil det fungere i praksis?

Apple CEO TIm Cook speaks about Apple TV

Apple vil gjere det enklare å søkje etter innhald på TV-en, ved å bruke taleprogrammet Siri.

Foto: BECK DIEFENBACH / Reuters

Som mange hadde spådd på førehand, presenterte datagiganten ein ny Apple TV på kveldens pressekonferanse.

– TV-opplevinga har omtrent stått stille, medan innovasjonen har vore stor i mobilverda. Det er på tide å gjere noko med det, sa Tim Cook, administrerande direktør i Apple, til eit fullsett auditorium i San Francisco.

Han kunne mellom anna presentere ein ny type «fjernsynskontroll». Ved å snakke til taleprogrammet Siri skal du kunne finne filmen eller serien du søkjer. I staden for å leite gjennom både Itunes, Netflix og HBO, til dømes, gjer Siri eit felles søk i alle app-ane.

Snakkebasert TV

Cirka 17 prosent av befolkninga har allereie ein Apple TV.

– Det er ikkje så mange som har knytta denne type stemmefunksjon til TV før. Sjølv om nokre få har prøvd seg, så er det banebrytande at Apple klarer å gjennomføre det på ein slik måte at det er lettvint for folk flest, seier Ståle Grut, journalist i NRK Beta.

For å spole, til dømes, treng ein berre seie «Kva sa ho/han?» til Siri, som deretter spolar tilbake.

– Forventa litt meir

Ståle Grut lurer på korleis dette skal fungere i praksis.

– Eg hadde kanskje forventa litt meir. Det var mykje snakk om at TV-en skulle bli tettare integrert med heimen. Eg er spent på korleis det blir når fleire ser TV ilag og skal bruke stemmefunksjonen, seier Grut.

LES OGSÅ: Apple-oppdatering utfordrer hardt pressede aviser

I kor stor grad vil dette endre TV-tittinga vår?

– Innhaldet er framleis det same, så eg er usikker på om det vil endre måten vi ser på TV på. Men det vil dytte industrien inn i denne type navigering, med stemmestyring, seier Grut.

LES OGSÅ: NRKBeta: «Det vi er mest gira på under Apple-lanseringen»

Speling tar over for TV-en?

Apple byrjar også med spel, og folk kan koble seg på om dei har ein Iphone eller Ipad.

– Dette kan gjere at speling blir eit alternativ til å sjå TV saman. Wii har tidlegare prøvd på dette, men det er nok fleire som har Iphone. Dei kan nå ein breiare marknad når det gjeld det å spele spel i stova, seier Grut.

Cook framheva også app-butikken som skal følgje med TV-en.

– Framtida til TV-en er app-ar, sa han.

Produkta vil først bli sleppt i ei rekkje land i slutten av oktober. Det er uvisst om Noreg er blant desse.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober