NRK-programmet «Kvelden før kvelden» er populært og har lange tradisjonar, og dei siste tre åra har Haddy Njie leidd programmet saman med Ingrid Gjessing Linhave.
Njie gav i haust ut boka, «Dagbok 13. desember–13. februar». Der skriv ho om opplevinga si av den mykje omtalte Trond Giske-saka, som gjekk føre seg vinteren 2017–2018. Njie, som er gift med Trond Giske, kom med kritikk av både partileiinga til Ap og varslarar.
Boka har gjennom hausten skapt debatt, og i kjølvatnet av denne debatten har det blitt stilt spørsmål om ho i år ville få programleiarjobben etter at ho snakka om boka i «Lindmo».
– Haddy er ein frilansprogramleiar. Ho gjer ting, både som skodespelar og forfattar, og det har veldig lite å gjere med det vi held på med i «Kvelden før kvelden», seier underhaldningsredaktør i NRK, Charlo Halvorsen.
– Ikkje veldig alvorlege diskusjonar
Ifølgje Halvorsen blei avgjerda om at Njie skulle vere éin av årets programleiarar tatt for ganske lenge sidan, men han seier at dei følgjer med på kva alle gjer til kvar tid.
Underhaldningsredaktør i NRK, Charlo Halvorsen, trur ikkje debatten i haust vil ha særleg innverknad på «Kvelden før kvelden».
Foto: Ole Kaland / NRK– Ikkje minst frilansarar, naturlegvis, som har eit liv og ein jobb utanfor det dei gjer for oss. Men det har ikkje vore nokon veldig alvorlege diskusjonar rundt det, seier underhaldningsredaktør i NRK, Charlo Halvorsen, på spørsmål om debatten har vore ein del av vurderinga.
Med tanke på debatten som har vore rundt Njie denne hausten – er det framleis foreinleg med det «Kvelden før kvelden» står for?
– Eg tenker at alle vil oppleve «Kvelden før kvelden» som varmt, inkluderande, morosamt og interessant. Eg trur vi har eit veldig bra program i år. Kva Haddy gjer som frilansar på andre område, trur eg har veldig liten innverknad på dette programmet.
Trur du det vil skape reaksjonar at ho har den jobben?
– Eg trur ikkje det blir mykje. Folk flest ser nok at dette er ei rolle ho har som programleiar i NRK, og så har ho nokon andre plattformer elles i livet sitt, seier Halvorsen.
Gler seg til «Kvelden før kvelden»-debut
Mikkel Niva gler seg til programleiardebuten i «Kvelden før kvelden».
Foto: Kim Erlandsen / NRKI år får Njie med seg Mikkel Niva, som for første gong skal leie sjåarane gjennom juleprogrammet.
– Romjula og vesle julaftan er definitivt mine favorittdagar. Så å få halde til han saman med folket, med Haddy og alle gjestene våre, det blir berre koseleg, seier Niva til NRK.
Kan du røpe noko du gler deg mest til?
– Vi skal få eit lite tilbakeblikk frå ein av dei kanskje største programleiarane til NRK nokonsinne, som kjem og skal gjeste oss med han kan aller best. Eg seier ikkje kven det er, men eg seier det blir «bom», det blir «bom, bombadilla life».
Haddy Njie ønsker ikkje å kommentere saka.