Hopp til innhold

Nixon

Det er ikkje lenge sidan Nixon blei starta, berre litt over eit år faktisk, men allereie meiner dei at Norge treng eit band som dei.

Nixon
Foto: Bilde frå musikkvideo

Nixon består av fire gutar frå Osloområdet i byrjinga av tjueåra som lagar all musikken sin sjølv. Dei seier at det har vist seg at musikken fenger folk i alle aldersgrupper.

- Det har nok med at vi er fire sympatiske unge mennesker, seier gutane med eit smil.

Yeah!

Vil du finne ut om denne musikken fengar deg er det berre å sjekke ut  musikkvideoen deira. Den songen du får sjå og høyre der heiter ”Yeah!” og er skriven av Christian Engebretsen. Den songen får du  og sjå og høyre på kjempesjansenscena om Nixon kjem vidare frå Nettsjansen til Kjempesjansen.

Kva vil de bruke pengane de vinn til?

Vi ønskjer å kunne leve av eige materiale. Lage ei plate, promotere den og dra på turne.

På gøy med Nixon:

Nixon
Foto: Bilde frå musikkvideo

Har du nokre fobier?

Torbjørn Brennum (trommer): - Ingen fobier, mene g kunne godt ha vore forutan bilkøer.

Tarjei Langseth Rysstad (vokal): - Ingen fobier, eller er ganske redd for katter.

Joachim ”Blues” Skjervum (gitar): - Er ikkje glad i flygande insekter, som veps. Augestikkar er verst, dei burde ta kurs i første inntrykk.

Christian Engebretsen (bass): - Høgdeskrekk og Ikea i meir enn 20 minuttar.

Er det andre i familien din som syng eller spelar?

Torbjørn: - Pappa spelar bass, den eldste broren min piano, den mellomste gitar og mamma høyrar på.

Tarjei: - Bortsett frå pappa sin luftgitar står det heller dårleg til…

Joachim: - Bortsett frå at bestefar spelar munnspel er det ein langt bak i slekta som var ein berykta spelemann i Telemark. Han var nok kanskje like berykta for rock ’n’ roll livet som for det musikalske.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober