Av:
Marta Norheim
Joyce Carol Oates
Niagara
Pax forlag
Oversatt av Tone Formo
Oates, som har nesten 50 bøker bak seg, ho sviktar ikkje, tvert i mot, det opnar med presten som hoppar i fossen grytidleg om morgonen etter bryllaupsnatta, ei heilt utruleg mislukka natt viser det seg, men likevel…
Den stakkars presten har fleire grunnar til å melde seg ut av tida, og enkebrura står ved fossen dag og natt, men før liket har flote opp er nye friarar - forbløffande nok - ute etter dette pianospelande gudsordet frå landet og enno er romanen berre så vidt i gang.
Kven eig historia
Og ganske langsamt vrir Oates historia si vekk frå det dramatiske bulderet, og pensar oss inn på nye spor: Det blir ein roman om miljøkriminalitet, eller meir presist om måtar å skjule miljøkriminalitet på, og ikkje minst ei studie i dei mange måtane å lamme kritikarane av denne kriminaliteten.
Og så, igjen, ganske langsamt vrir Oates historia si vekk frå dette også og over på eit meir overordna eller kanskje heller underliggande plan, som handlar om kven som får lov til å forvalte historia, den store så vel som den vesle familiehistoria.
Kva skjer når historieforteljarane har sine heilt spesielle - eller berre meir allmenne - interesser av at historia skal sjå annleis ut enn den faktisk er? Kan aviser eller mødre eller gamle uvener eller industrieigarar berre dele ut helte- og skurkeroller som dei vil?
Bak intriger og begjær, heltemot og løgner, menneskelege lidingar, og ikkje minst kvinner av alle slag: mystiske, egoistiske, dumme, utspekulerte, løgnaktige og heltemodige- bak alt dette durar fossen som nokon lever av og nokon døyr av, med eller mot sin eigen vilje, - om ein kan snakke om vilje når fossen ropar sitt «kom!» til hardt prøvde sjeler… Kulturnytt, NRK P2, 20. februar 2006
Se også