Hopp til innhold

Eg som overvektig bagasje

Kor blir det eigentlig av bagasjen etter at du har levert den frå deg? Og visste du at flya berre står parkert i 25 minutt før det drar vidare igjen? Newton har laga sending om det som skjer rundt omkring på ein flyplass.

Per Olav Alvestad sjekker hvor bagasjen på en flyplass blir av.
Foto: NRK

For å finne ut kva som skjer med bagasjen etter at vi har levert han frå oss, følte eg det var best å rett og slett sjekke meg sjølv inn. Eg la meg på bagasjebandet, fikk registrert meg og fikk på ein bagasjelapp som fortalte kor eg skulle.

Dessverre la eg meg på det vanlege bagasjebandet, og ikkje på spesialbagasjebandet. Det vanlege bandet kan maks ta bagasje som veier 30 kg.

Utan å gå inn på kva eg veier, kan eg trygt sei at eg veier meir enn som så, og vips så stoppa heile bandet, og all bagasjeinnsjekking vart forsinka. Eg tusla då forsiktig bort frå området og sette meg heller på spesialbagasjebandet.

 

Liten mann i bagasjerommet

 

Når ein først er kome på riktig bagasjeband, eller rettare sagt, når ein har lagt bagasjen på riktig bagasjeband, skjer det meste ganske automatisk. Bandet går ein lang veg ned til ein stor bagasjehall.

Der blir det skubba ned i ulike båsar, alt etter kor bagasjen skal. Så blir den henta av dei som jobbar der og kjørt ut til flyet. Og der har du kanskje sett at dei lessar det over på eit rulleband som går inn i flyet. Men visste du at det då sit ein mann inne i flyet og lessar all bagasjen av dette bandet og stuar det vidare?

Joda, der sit det ein person og stuar etterkvart som bagasjen kjem inn. Men han hoppar ut att før luka blir lukka og flyet lettar altså.

 

Travle tider

I tillegg til å ta seg av bagasje, skal flyet sjekkast for feil eller skrammer, det skal fyllast bensin, toalettet må tømmast, flyet må

Per Olav Alvstad roper opp til ombordstigning
Foto: Kari Hansen / NRK

ryddast, det må fyllast på med mat og passasjerane skal om bord i flyet.

I løpet av de 25 minuttane flyet står parkert, er det fleire titals personar som er med å gjer det klart til ny avgang. Med andre ord: eg måtte springe fort for å rekke over alle oppgavene.

 

SE: Per Olav på bagasjebåndet

 

 

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober