Hopp til innhold

Vurderer å splitta opp skandaleselskap

Mediemogulen Rupert Murdoch vurderer å splitta selskapet News Corporation i to.

AUSTRALIA-MEDIA-NEWSLTD-MURDOCH-RESTRUCTURE-FILES

Australske Rupert Murdoch eig News Corporation, verdas nest største mediekonsern som no kan bli delt i to.

Foto: WILLIAM WEST / Afp

Milly Dowler

Då den britiske 13-åringen Milly Dowler vart meld sakna, hacka journalistar i News of the World telefonsvararen hennar. Dei skal ha sletta meldingar på svararen, og slik gjeve familien håp om at Milly Dowler enno var i live.

Foto: Ap

Kjelder seier til Wall Street Journal at Rupert Murdoch er entusiastisk til ideen om å splitta medieselskapet i to. Planen inneberer å skilja underhaldningsdelen frå forlagsverksemda.

News Corporation er det nest største mediaselskapet i verda, og eig mellom anna forlaget HarperCollins, ei rekke engelskspråklege aviser og filmselskapet 20th Century Fox.

Går planen igjennom, vil News Corporation bli delt opp i eit selskap for film og TV, og eit langt mindre selskap for aviser og bøker. Wall Street Journal, som er først ute med nyheita, er ei av avisene som er eigd av News Corporation.

Hacka telefon til 13-åring

Det siste året har vore tøft for News Corporation. Det heile starta i fjor sommar med avsløringa rundt News of the World, ei skandaletabloid som er eigd av News Corporation.

Det kom fram at journalistar i News of the World avlytta telefonsvararen til 13 år gamle Milly Dowler. Ho var meldt sakna, og ho vart seinare vart funnen drepen.

Ei rekke avsløringar viste at News of the World-journalistane brukte avlytting og bestikking av polititenestemenn i kampen om dei saftigaste nyheitene.

Rupert Murdoch måtte stå skulerett i offentlege høyringar i det britiske parlamentet. Sonen James Murdoch, som er utnemnt som arvtakar til medieimperiet, vart kalla «mafiaboss» av ein britisk politikar.

Les meir: 800 ramma av telefonhacking

Saka førte til at News of the World vart lagt ned 10. juli i fjor. Politisk press gjorde dessutan at Murdoch måtte trekka bodet på TV-giganten BSkyB, som skulle ha vore krona på verket i News Corporation-imperiet.

Har framleis makt

Wall Street Journal skriv at planane om å splitta opp News Corporation har blitt diskutert i fleire år. Rupert Murdoch har tidlegare vore skeptisk til planane, men har no snudd, melder avisa.

Dette vil likevel ikkje påverka Murdoch-familien si makt over selskapet, skriv Wall Street Journal. Familien har i dag rundt 40 prosent av stemmene i selskapet.

Rupert Murdoch

Rupert Murdoch besøker the Sun, ei av mange aviser som han eig gjennom News Corporation. Murdoch er sjølv gamal pressemann, og starta karriera som journalist.

Foto: Arthur Edwards / Ap

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober