Hopp til innhold

50-talsfamilie utan glasur

Når Blikstad skildrar det indre livet i ein familie på 50-talet, er det ikkje idyllen som dominerer.

Line Blikstad

Line Blikstad debuterte i 2001 med romanen 'Til Ester'. Boken 'New Frontier Hotel' er hannes andre roman.

Foto: Lars Petter Pettersen

New Frontier Hotel er namnet på hotellet i Las Vegas der Elvis opplevde den første fiaskoen i karrieren. Det er også namnet på romanen til Line Blikstad, ein roman som slett ikkje er nokon fiasko, snarare tvert imot.

Utypisk oppvekstroman

New frontier hotel

Boken 'New frontier hotel' er utgitt på Oktober forlag.

Foto: Oktober forlag

New Frontier Hotel skil seg ut frå den typiske norske oppvekstromanen på fleire punkt. Og sjølv om den typiske norske oppvekstromanen jamtover held høg kvalitet, så skaper brot med forventningar ei eiga glede i lesaren, i alle fall i denne lesaren, som har bak seg eindel oppvekstromanar som mellom oss sagt har vore litt for like.

For det første har Line Blikstad, som er fødd i 1973, valt å hoppe ein generasjon bakover, til 50-talet. Ho skriv dermed om ein historisk epoke ho sjølv ikkje har opplevd.

Fortel ikkje alt

For det andre, og det er viktigare, for det andre meistrar forfattaren den kunsten det er å ikkje fortelje alt. Ho fortel litt meir kvar gong ho sveipar innom ei historie, men vi får aldri vite alt. Og apropos å sveipe innom historier: Dette er ein familie av den typen som prøver å henge saman gjennom stadige repetisjonar av nøkkelhistorier: som då fotografen Evert knipsa bilde av ho som nesten blei miss California i 1954, eller då han fridde til henne framfor heile køen på flyplassen.

Eller då John køyrte på søstera Liv så ho blei halt for livet. Det vil seie, denne siste historia er ei av dei- etterkvart mange- historiene som ikkje skal forteljast, i alle fall ikkje i full breidde. For dette er ein familie som strevar med å vere akkurat det. Altså ein familie. Far reiser verda rundt og fotograferer, på eit tidspunkt reiser mor også sin veg, dessutan vert far stadig meir i tvil om kor mange av barna til den vakre Edith han er far til, viss ein altså skal vere pinleg nøyaktig med fakta. Det skal ein sjølvsagt ikkje vere når det handlar om mytar som skal lime saman ei skjør gruppe som denne her.

Gåtefullt

Forma er fragmentarisk og repeterande, likevel er det ikkje vanskeleg å følgje dei ulike karakterane i deira kamp for å få til livet sitt. Vi får både kjennskap og sympati med dei, men ingen blir heilt utlevert, det ligg noko som liknar på respekt her, både for personane og for grensene for kva som kan forklarast.

Dette tilbaketrekte legg eit gåtefullt skin over personane, og dette gåtefulle, saman med repetisjonane av familiemytane, gir assosiasjonar til Sara Stridsbergs roman "Drømmefakultetet "som ho fekk Nordisk Råds litteraturpris for i 2007, sjølv om Blikstads tekst er mindre hypnotisk og meir på parti med daglegprosaen enn Stridsbergs er.

Uansett: New Frontier Hotel har den heilt rette kombinasjonen av historier og løyndommar. Den som får deg til å tenkje at: ja, det var akkurat slik denne historia måtte forteljast.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.