Odd Nerdrum ankar dommen

Odd Nerdrum ankar dommen til Høgsterett.

Odd Nerdrum

Kunstmaler Odd Nerdrum i Borgarting lagmannsrett då ankesaka byrja.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
Professor i skatterett, Ole Gjems-Onstad

Professor i skatterett, Ole Gjems-Onstad, meiner dommen mot Nerdrum er brutal.

Foto: PER LØCHEN / Scanpix

– Me ankar på både straffeutmåling og sakshandsaming, seier Pål Berg, forsvarar til Odd Nerdrum, til NRK.no.

Kunstnaren Odd Nerdrum vart i går dømt til to år og ti månaders fengsel for skatteunndraging i Borgarting lagmannsrett. Han er dømt for å ha seld bilete i utlandet for 14 millionar kroner utan å ha ført opp inntektene på sjølvmeldinga.

Denne dommen blir altså anka til Høgsterett.

«Ein brutal dom»

Dommen blir av skatteekspert Ole Gjems-Onstad karakterisert som «brutal».

– Med tanke på at mannen er 68 år gamal, er to år og ti månader i fengsel svært lenge, seier Gjems-Onstad.

Han er kritisk til det høge straffenivået i skattesaker.

– Slike strenge dommar kan skada skattesystemet på sikt. Sjølvsagt skal folk følgja reglane, men eg trur ikkje frykt er den beste motivasjonen, seier Gjems-Onstad.

«Me har alt å vinna»

Dommen i lagmannsretten er ubetinga, og Odd Nerdrum har ikkje vore varetektsfengsla i saka. Blir dommen ståande, vil han dermed måtte sona to år og ti månader i fengsel.

Dommen i lagmannsretten var strengare enn den han fekk i Oslo tingrett i haust i fjor. Då vart han dømt til to års fengsel.

– Me har alt å vinna, intet å tapa på å anka saka til Høgsterett, seier Pål Berg til NRK.no.

Det er no opp til ankeutvalet til Høgsterett å bestemma om saka skal opp til Høgsterett.

– Det er ikkje sikkert at dei vil behandla saka, om dei meiner den ikkje er prinsipiell nok. Dei fleste saker slepp ikkje inn i Høgsterett, seier Ole Gjems-Onstad.

Les meir: Odd Nerdrum dømt til to års fengsel.

Les meir: Sjå Skavlan intervjua Odd Nerdrum.