Det opnar lovande. Jarle er no 25 år, og litteraturstudent i Bergen. Han er blitt ein kul, svartkledd intellektuell med glattbarbert sveis, bråvakker dame og eit temmeleg oppblåst ego som blir flittig massert av miljøet på universitetet og ikkje minst av den svenske professoren som har snakka med sjølvaste Derrida.
Lotte landar
Vi anar raskt at dette er ein posisjon Jarle må plukkast ned frå for at det skal bli litteratur av det. Og det skjer ganske tidleg i romanen og med renbergsk sans for dramatikk:
Tore Renberg med boka Charlotte Isabel Hansen.
Foto: Torunn W. Tørneng / NRKPlutseleg ein dag får han vite per brev at samleiet han hadde på ein uvanleg våt fest i romanen ”Mannen som elsket Yngve”, bar frukter. Frukta heiter Charlotte Isabel Hansen, og landar på Flesland om fjorten dagar, for mor skal ei veke til Syden. Dessutan vil barnet fylle sju år mens ho er i Bergen. Det er klart slike brev gjer noko med ein ung mann.
Kulturkollisjon
Men Lotte kjem, med My Little Pony under armen og vil ha prim på loffen og godnatthistorier på senga. Kulturkollisjonen mellom Jarle og Lotte er riktig underhaldande - ei stund. Men det er noko som ikkje fungerer heilt i denne romanen, og eg har lurt svært på kva det er, for mykje er jo bra, formuleringskunstene, drivet i handlinga, dei sterke emosjonane, tidsbildet,- alt er der, men noko skurrar stadig kraftigare.
Der ”Mannen som elsket Yngve” var morosam, er ”Charlotte Isabel Hansen” parodisk. Der ”Kompani Orheim” var gripande, er ”Charlotte Isabel Hansen” sentimental. Der dei to andre bøkene var visuelle, tangerer denne manus i ein slap-stick-komedie. Ikkje eit vondt ord om verken parodiar eller sentimentalitet eller slapstick i og for seg, men her tek det brodden av historia.
Smør på flesk
Det blir overtydeleg og dobbelt opp og smør på flesk. Når så alle medverkande til slutt forsoner seg i verdas beste barnekarnevalbursdag, ja, då har vi forlatt slap-sticken og er tungt inne i sjangeren amerikansk romantisk komedie, kjent frå film og TV.
Konklusjon: Det er berre å håpe at Renberg gir Jarle Klepp oppreising i neste roman.
(Utdrag fra en lengre anmeldelse)