Sikadar er flygande, plante-etande insekt som finst over heile verda. Dei fleste sikadane brukar 2-8 år på å vekse frå egg til vaksen, og dei lever det meste av livet sitt under jorda. Men i USA finst det nokre heilt spesielle sikadar, i slekta Magicada, som brukar heile 17 år på å bli vaksne.
Eldste insekt
Sikaden blir dei eldste insekta i verda. Foto: NRK.
Dei periodiske sikadane lever berre i Nord-Amerika. Det meste av livet sitt lever dei som larvar nede i jorda der dei sug plantesaft frå trerøter. Larvane utviklar seg gjennom fleire ulike stadium, og for kvart stadium blir dei litt større. Etter 17 år kryp alle nymfene (det siste larvestadiet) samtidig opp frå jorda og klatrar instinktivt opp i noko passande som finst i nærleiken; eit grasstrå, eit tre, ein telefonstolpe eller ein busk. Her heng dei seg opp ned, og i løpet av timar har dei blitt forvandla til vaksne sikadar med vingar. No startar eit øyredøvande leven, for hannane syng ein song på opptil 100 desibel for å lokke til seg hoer. Etter forplanting og egglegging, døyr dei og fell til bakken. Med denne lange livssyklusen er dei oldisane blant insekta. Det er nemleg ingen andre insekt som lever så lenge som 17-års sikadane.
Prins eller vekkerklokke?
Korleis held insekta rede på tida? Foto: NRK.
Tornerose vart vekt opp av ein prins som kyssa ho, men kven er det som vekker sikadane opp og fortel dei at det er på tide å grave seg opp til overflata? Det er det faktisk enno ingen som kan svare på, men det er heilt sikkert at dei må ha ei veldig nøyaktig innebygd vekkerklokke som kan fortelje dei når det har gått 17 år. Mange veker før dei kjem opp frå jorda byrjar nymfene å grave tunnelar opp mot overflata. Når tunnelen er ca. 2,5 cm under overflata, stansar dei, og sit og ventar på det rette tidspunktet for å fortsette. Utruleg nok kjem nesten alle sikadenymfane opp frå jorda samtidig om våren i det 17.ande året. Ein trur at temperaturen i jorda og kraftige, varme regnskyll kan vere teikn til at sikadane skal grave ferdig tunnelen sin og komme opp til overflata.
Primtal
Sikade med raudt auge. Foto: NRK
I tillegg til 17-års sikaden finst det også ein 13-års sikade. Den lever lenger sør i USA og bruker altså fire år mindre enn 17-års sikaden på å bli vaksen. Det er ganske rart at sikadane har vald å komme tilbake etter akkurat 13 og 17 år. Kvifor ikkje 12, 14, 16 eller 18? Tala 13 og 17 har noko til felles. Begge er primtal. Primtal er tal som berre er delelege med seg sjølv og 1. Det er veldig lurt for sikadane å ha ein slik livssyklus. Det gjer nemleg at dei blir trygge for rovdyr. Mange av rovdyra som ét sikadar har 2-års eller 5-års syklar. Tenk deg ein fiende som har ein syklus på 5 år; han vil berre treffe på sikaden kvart 5 x 17 år = 85 år! I enkelte område lever det både 13- og 17-års sikadar, men på grunn av primtalsyklane sine kjem dei berre til å sverme samtidig kvart 221 år!
Fristande matfat
17-års sikadane kan verken bite eller stikke. Dei er lette å få auge på, dei smakar godt og på toppen av alt er dei ganske klumsete flygarar. Dette gjer sikadane til eit veldig fristande matfat for mange dyr: Fuglar, fisk, skjelpadder, øgler, slangar, hundar, kattar, revar, vaskebjørnar og insekt kan berre forsyne seg av sikadane i enorme mengder til dei får mageknip. Det er derfor sikadane må komme i slike store mengder, for hadde dei vore få, ville heile arten ha blitt utrydda av rovdyr. Taktikken til 17-års sikadene er altså å dukke opp i enorme mengder, men berre så sjeldan at det er ingen rovdyr som anar at dei kjem akkurat då. Dermed er det alltid mange nok sikadar som overlever.
Når skjer det neste gong?
I år er det sikade-år i USA. Då kan dei pare seg og legge egg igjen. Foto: NRK.
Sidan det finst fleire ulike flokkar av 13- og 17-års sikadar som lever på ulike geografiske område i USA, går det mindre enn 17 år mellom kvar gong ein kan sjå sikadefram-komstar. Neste gong sikadane dukkar opp er faktisk i slutten av mai i år. Då er det 17 år sidan sist sikaden av typen Flokk X viste seg. Flokk X er ein av dei mest talrike flokkane av 17-års sikade i USA. Ein ventar seg at sikadane kjem til å surre omkring i tre frå New York til Nord-Georgia og så langt vest som Illinois.
Her kan du lese meir om Periodiske sikadar. Internet-sidene er på engelsk, så viss du ikkje er heilt stø i engelsk, kan du spørre ein vaksen om å hjelpe deg.
Her er ei anna side med Sikadar (med mykje høg lyd!).
Og her kan du lese Sikade-nytt.
Sendt i Newton søndag 18. april kl 18.30 på NRK1.