Mykje av reklamen hamnar rett i papirbosset. Kvar og ein av oss kastar reklame for rundt 6000 kroner årleg. Er det då vits i å lage reklame?
Dersom det ikkje var lønsamt, hadde det heller ikkje vorte brukt pengar på reklame. Det seier 1. amanuensis ved Norges Handelshøgskule, Helge Thorbjørnsen.
Om vi kaster det, får vi likevel med oss bodskapen. Det sørger nemlig hjernen vår for.
Handlar ubevisst
Heile 90% av tenkinga vår skjer ubevisst. Derfor er det ei utfordring for reklamebyråa å lage flygebladet så interessant at det fangar oss utan at vi er klar over det. Det er sikkert mange som f.eks har snakka i mobiltelefonen samstundes som dei har vore i butikken.
Dei fleste vert overraska over kva som ligg i handlevogna når dei skal betale.
Reklame vert til
Vi i Norge Rundt ville finne ut korleis eit byrå tenker når dei får eit oppdrag. Derfor reiste vi til Artic Reklamebyrå AS som tok utfordringa på strak arm.
Det føregår eit tett samarbeid mellom kunde og byrå gjennom heile prosessen, seier kreativ leiar i Artic, Anders Kjetland.
Ein starter med eit møte der oppdraget vert presentert. Så set eit team frå byrået seg saman for å tenke gjennom bodskapen. Ut frå dette, samt utkast, kjem ein fram til det første resultatet som kunden får sjå. Ofte kan dette bli ein lang prosess. Det er oppdragsgivar som har det endelege ordet og som bestemmer resultatet.
Oppdraget
Vi presenterer bodskapen vår, som er å lage ein reklame for Norge Rundt som treff i aldersgruppa 15 til 35 år.
Dermed gjekk Renate Siikalouma, Tone Mehren og Anders Kjetland i tenkeboksen. Og det varte ikkje lenge før
kom på veggen.Det enkle er oftast det beste
Reklame må vere enkel og ha ein klar bodskap. Eksempel på det er kampanjen som oppfordrar til bruk av bilbelte, seier Anders Kjetland.
Norge Rundt er ei merkevare i seg sjølv. Vi ville ha fram det nye tilbodet vårt på internett der du nå kan laste oss ned som Podkast. Der finn du óg ein eigen konkurranse. Premien er ein MP3-spelar. Då kan du ha den gode fredagsfølelsen heile veka. Lukke til!