Hopp til innhold

Nansenskolen i Nansens ånd

Norsk Humanistisk Akademi blir også Nansenskolen kalla. I 70 år har denne folkehøgskulen på Lillehammer vore ei eldsjel for humanisme og menneskerettar.

Sosialt heile døgeret,ute og inne
Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Fleire generasjonar

Turid og Castro- nære trass 50 års aldersforskjell.
Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Gjennomsnittsalderen på elevane ved Nansenskolen denne vinteren er nok nærare 30 år. Her er fleire unge som kjem rett frå vidaregåande, men også folk som har vore lærar, pateolog eller sjømann i fleire år. Turid Harbou-Hals frå Nesodden arbeidde 30 år i forsikringsselskap. Nå er ho pensjonist på 77 år og vart lokka til å søkja Nansenskolen av ei venninne. Ho har lenge vore ei av "bestemødrene for fred" som aksjonerer utanfor Stortinget kvar veke. Nå har ho overraska seg sjølv og forelska seg i ein medelev på 62 årSjølv meiner ho at ho har blitt ei betre bestemor av ein vinter på Nansenskolen. Samveret med dei unge har vore fantastisk, seier Turid, og Castro Suntharasigamany legg til at diskusjonane med Turid har vore svært givande.

Nansenskolens eldste bygning frå 1918
Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Ide,kultur og samfunn

På denne linja går det flest elevar. Her prøver dei å forstå samfunnet og tida me lever i. Tema kan vera innan politikk,livssyn,kulturell identitet,natur og miljø,kunst og litteratur.Konfliktar lokalt og globalt blir diskuterte, og elevane prøver seg på dialog og konfliktløysing.Dei har ofte besøk av aktuelle gjesteforelesarar.

Biletkunst

Mala,teikna,skissera,konstruera,filmatisera,installera.....her prøver elevane seg på mange ulike teknikkar og uttrykk.Kvar elev får grundig oppfølging og vurdering av faglærarane som alle sjølv er utøvande kunstnarar. Dei får også besøk av andre kunstnarar.

Skrivekunst

Då Norge Rundt besøkte Nansenskolen, var det bare ei veke igjen før dei skulle gå frå kvarandre. Denne dagen fekk alle elevane høyra noko av det skrivekunstelevane har skrive i løpet av vinteren.Det var imponerande tekstar innan fleire sjangrar.Skrivekunstelevane får jamnleg besøk av forfattarar som gir dei råd om korleis dei kan utvikla seg.

Nansen

Det var Fridtjof Nansens humanitære arbeid som inspirerte til stiftinga av Nansenskolen for 70 år sidan.Skulen vart til som ein protest mot mellomkrigstidas totalitære tendensar, og var ei samling på tvers av politiske og religiøse skiljelinjer. Dag Hareide har vore rektor i to år nå. Han meiner det er svært viktig at dagens elevar engasjerer seg i samfunnet idag, men for å kunna det må dei få innblikk i historie og filosofi, meiner Hareide.

Rektor og Nansen
Foto: FotoJohn Arnt Nøstdal / NRK

Nansenpasset berga 450.000 menneskeliv i mellomkrigstida. I dag har Nansenskolen trykt opp nye Nansenpass som dei sel til inntekt for flyktninge- og konfliktløysingsarbeidet dei driv. Kvart år kjem det folk frå ulike konfliktområde til Nansenskolen for å få hjelp til å løysa konfliktar, anten det er i Midtausten eller på Balkan.Der er også flyktningar og etniske minoritetselevar på vinterkurset.

Max Manus

Ein av dagens reportasjar er frå innspelinga av Max Manus-filmen i Oslo nå nyleg. Dersom du vil høyra Max Manus sjølv fortelja om då han var vakt for kronprins Olav då han kom tilbake til Oslo etter krigen, kan du gå inn på denne lenka

Norge Rundt frå Nansenskolen på NRK1 fredag kl. 1930

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.