Hopp til innhold

Naboane går til søksmål – vil forseinke byggestarten til 22. juli-minnestaden

Utøya-overlevande meiner det er ei skam om det offentlege Noreg ikkje har ein minnestad ti år etter terroren. Vellets advokat meiner at det viktigaste er å verne naboane når ein vel plassering.

Slik skal 22. juli-minnesmerket sjå ut

MINNESMERKET: Minnestaden på Utøykaia skal blant anna ha 77 søyler.

Foto: Manthay Kula / Statsbygg

Det er to veker sidan Hole kommune bestemte at 22. juli-minnestaden skal liggje på Utøyakaia trass i sterke protestar frå naboane.

No har fleire av naboane gått saman med advokat Ole Hauge Bendiksen for å sende klage til Fylkesmannen om vedtaket til reguleringsplanen. I tillegg retter dei søksmål mot Hole kommune. Målet er stoppe minnestad-plasseringa på Utøyakaia.

– Vi kjem til å ta ut søksmål mot Hole kommune med spørsmål om dei i det heile tatt har lov til å reise eit slik monument ut ifrå nabolova. Dette skjer med bakgrunn for dei helsefarane innbyggjarane blir utsett for, seier han.

Advokat Bendiksen meiner at Hole kommune ikkje har gjennomført ei forsvarleg utgreiing av helsekonsekvensane.

Advokater, Grålum-saken

RETTER SØKSMÅL: – Dette er ikkje lenger ein minnestad. Dette er ein liding-temastore dimensjonar, skapt for turisme. Det vil skape ei stor psykisk belastning, seier Bendiksen og håpar det kan kome eit større politisk trykk no som det blir sett på helsekonsekvensane.

Foto: Rune Fredriksen

Han har gjentatte gongar skrive til Hole kommune at det finst ein reell helsefare for naboane å ha minnestaden så nærme, men har ikkje vorte høyrd.

– Det utgreiingsarbeidet som har blitt gjort er ikkje reelt. Klientane er prega, og eg er ganske bekymra for helsa deira.

Statsbygg stadfesta tidlegare denne veka at bygginga av minnesmerket skal starte i byrjinga av juni, men det håpar saksøkarane nå å setje ein stoppar for.

– Vi skal gjere alt vi kan for at det ikkje blir noko byggestart. At oppstart byggestart uansett må bli utset når vi startar vår prosess ser eg på som ei sjølvfølge.

– Viss nokon er villig til å snakke med klientane mine, og gjere ein realitetsvurdering – for det har Hole kommune ikkje gjort – så har vi ei god sak.

– Kan ikkje endra historia

Håkon Knudsen, overlevande frå Utøya-terroren, er skaka over at prosessen nok ein gong kan bli forseinka.

– Nå risikerer ein å ikkje ha ein minnestad til 10-årsmarkeringa neste år. Nokon av naboane har i fleire år gjort alt for å stoppe prosessen rundt minnestaden etter 22.07. Det er ei skam om det offentlege Noreg framleis ikkje har fått på plass ein minnestad 10 år etter, seier Knudsen.

Han forstår at det kan vere tøft for dei som bur i nærleiken å alltid bli minna på det dei opplevde den dagen.

Likevel meiner han at det er nettopp påminning vi treng, og synest forslaget om å flytte plasseringa til Utsikten som ligg i eit meir skjerma området, er heilt feil.

– Heile poenget med ein minnestad er å minnast dei som døydde og bli minna på kor brutal den dagen faktisk var for alle involverte, og Noreg som nasjon. Minnestaden etter 22.07 skal ikkje gøymast bort eller nedskalerast fordi det er vanskeleg.

– 69 menneske blei drepne på Utøya. Det må stå i historiebøkene. Vi kan ikkje endre historia eller gøyme den bort fordi det er ubehageleg, seier han.

Advokat Bendiksen meiner at det å sette behovet for å ha ein minnestad til 10-årsmarkeringa blir svært liten samanlikna med behovet for å verne naboane.

– Dei stemmene som er viktigast å høyra på her, er dei som blir skadelidande av å plassere det der, meiner han.

Bendiksen er heilt einig i resonnementet til Knudsen med omsyn til at minnestaden bør vere synleg, men understrekar at det bør plasserast ein anna stad.

– Eg sit med kjensla av at veldig mange ikkje forstår kor tungt nokre av naboane har det. Eg veit kor vanskeleg det er, seier han.

Ikkje overraska

Varaordførar i Hole kommune, Anita Haugland Gomnæs (Sp) er ikkje overraska.

– Vi er ikkje overraska at det blir retta eit søksmål, og er førebudd på at det blir rettssak. Vi har forståing for at innbyggjarane ønsker helsekonsekvensutgreiing.

Foretaksverneombud Anita Haugland Gomnæs

IKKJE OVERRASKA: Varaordførar i Hole Kommune, Anita Haugland Gomnæs, er ikkje overraska over at fleire av innbyggjarane går til søksmål.

Foto: Ingvild-Anita Velde / NRK

Sp var eit av partia som stemte imot reguleringsplanen. Dei vil heller opprette eit fond til dei råka under 22. juli-terroren. No ser dei enda større grunn til å gjere nettopp dette.

– Når vi ser dei summane om 300 millionar blir eg meir sikker på at å setje pengane på fond er riktig. Det vil auke livskvaliteten betrakteleg.

Når det kjem til vidare saksframgang kjem dei til å ta omsyn til rettsmyndigheitene og vere lojale til dei.

– Det er leit

Lisbeth Kristine Røyneland, leiar i Støttegruppa 22. juli, synest det er leit at det blir søksmål.

– Det er på tide at vi alle kjem oss vidare, slik at vi får på plass minnesmerket til 10-årsmarkeringa neste år, seier ho.

Lisbeth Røyneland

LEIT: Lisbeth Kristine Røyneland, leiar i Støttegruppen 22. juli, synest det er leit at det blir søksmål.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

For støttegruppa har det vore viktig å ha minnestaden på Utøyakaia fordi det var der mange kom i land under 22. juli-terroren.

– Vi vil minnast dei 77 som mista livet, dei overlevande og dei frivillige hjelparane som gjorde ein viktig jobb den dagen og redda mange liv.

Men skjøner du at det kan bli belastande for dei som bur så tett på, med tanke på at minnesmerket vart mykje større enn det som var venta?

– Minnesmerket vil bli skjerma, og det blir ikkje stort, men verdig. Dette er jo ein minnestad for framtidige generasjonar slik at vi aldri gløymer kva som skjedde den dagen.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP