– Ved å digitalisere gamle verktøy vil vi bidra til å byggje bru mellom store kunstnarar og kreative folk i dag, seier Anna Rose, nordisk marknadssjef for Adobe Creative Cloud Individual.
Med hjelp av konservatorar frå Munchmuseet, har Adobe digitalisert Edvard Munch sine originale penslar. Kven som helst kan laste ned verktøyet, og la seg inspirere av den verdskjente kunstnaren.
Sju av penslane har blitt fotografert i 360 grader med kamera som fangar opp små detaljar og lagar ei nøyaktig tredimensjonal attgjeving. I tillegg har Munch sine penselstrøk og heile den kunstnariske stilen blitt nøye analysert.
Kommunikasjons- og marknadsdirektør ved Munchmuseet, Gitte Skilbred, seier at moderne teknologi er viktig i kunstverda.
– Digitalisering skjer ikkje berre i næringslivet, men òg i kunstverda. Det er flott at dei 100 år gamle penslane nå kan inspirere dei som skal skapa framtidas kunsthistorie.
Arrangerer Skrik-konkurranse
I samband med prosjektet inviterer Adobe til ein konkurranse, der både kunstnarar og andre interesserte kan laga ein ny versjon av «Skrik» med dei digitale penslane.
Munch laga fire versjonar av kunstverket, difor har konkurransen fått namnet «Det 5. Skrik».
Den norske illustratøren Natalie Foss har allereie teke i bruk dei nye penslane. Ho har laga sin eigen versjon av Munch sitt verdskjente måleri, og seier at ho kjem til å teste ut penslar meir framover.
– Eg likte teksturen frå penslane veldig godt, noko som har gjeve meg meirsmak. Eg arbeider vanlegvis ikkje digitalt, så det var både utfordrande, uvant og morosamt å prøve dette verktøyet, seier Foss.