NRK Meny
Normal

Mytisk ulvehi funne i Roma

Myten seier Roma blei grunnlagt av Romulus, som blei oppfostra av ei ulvinne i ei grotte, -no meiner ekstatiske arkeologar dei har funne grotta.

Lupercale
Foto: - / AFP

Hør: Ulvehi, heilagdom og Romas vogge

Under utgravingar på Palatinerhøgden i Roma, kom ein tilfeldigvis over ei rikt dekorert grotte 16 meter under keiser Augustus sitt palass. Begeistra arkeologar spurte seg sjølv om dette kunne vere den sagnomsuste Lupercalen, grotta der ei ulvinne skal ha dia tvillingane Romulus og Remus.

Som å finne stallen i Betlehem

Etter to år kunne italienske ekspertar og politikarar i går fortelje verda at ja, - dette er truleg Lupercalen. Her berga grunnleggaren av Roma livet ved å drikke ulvemjølk.

- For oss antikk-forskere er dette er som å finne stallen i Betlehem.

Det seier Jon Iddeng, historikar ved Universitetet i Oslo. Han fortel at dei gamle romarane arrangerte store festar i denne heilage grotta for å feire legenden om ulvinna, Romulus og Remus. Men sidan 494 e.Kr., då pave Gelasius sette ein stoppar for dei hedenske festane, har ingen sett noko meir til Lupercalen.

Overlevde i grotte

Lupa Captoliana

Lupa Captoliana, eller grunnleggaren av Roma.

Foto: RICCARDO DE LUCA / AP

Myten seier at kong Amulius var ansvarleg for at tvillingane Romulus og Remus blei sett ut for å døy. Spedborna var born av vestalinna Rea Silvia og krigsguden Mars, og direkte arvingar til trona. Gutane blei sette ut på elva Tiberen i ein liten sivbåt, men dei blei redda av ei ulvinne ved Palatinerhøgden. I ei grotte overlevde Romulus og Remus på ulvemjølk, fram til dei blei funne av ein gjetar.

Gutane voks opp, hevna seg på kong Amulius, og enda med å bli bitre finedar fordi dei ikkje kunne einast om kvar Roma skulle ligge. Det enda med at Remus blei myrda av sin eigen bror, og i dag blir Romulus anerkjent som grunnleggar av Roma.

Ny kunnskap

Ingen har enno vore inne i grotta, den er delvis samanrast, med skjøre vegger og tak. Forskarar har gjort forsiktige undersøkingar med endoskop og laserscannerar, og bileta tyder på at Lupercanen er funnen. Og sjølv om funnet ikkje beviser at Romulus og Remus verkeleg har levd, så seier Jon Iddeng grotta kan bidra med kunnskap om tidleg romersk mytologi.

Hør: Ulvehi, heilagdom og Romas vogge

Norgesglasset NRK P1