Anders Heger
Mykle. Et diktet liv
Gyldendal 1999
Det som står fast, er at Mykle skreiv gode bøker. Det som også står fast, er at rettssaka mot han etter romanen Sangen om den røde rubin, var ei dustete rettssak.
Kva skal kunst koste?
Men Anders Heger dokumenterer i biografien det som det tidlegare har vore snakk om, nemleg at rettssaka var feil på to måtar: Den var feil fordi det var urimeleg å klage han for pornografi, OG den var feil fordi det eigentlege ankepunktet var eit heilt anna: Problemet var at han skreiv om levande modellar som var lett gjenkjennelege.
Denne dokumentasjonen er ein av grunnane til at dette er ei ubehageleg bok, fordi den aktualiserer spørsmålet om dikt og liv på ein heilt spesiell måte: Kor mykje skal stor kunst koste - for andre enn forfattaren?
50 000 skrivne sider
Mykle kunne ikkje få tekstene til å leve viss han ikkje brukte levande modellar, og når han vart nekta å hente stoff frå sitt eige levde liv, fordi han då måtte utlevere kvinnene han levde det med, så vart tekstene døde og ubrukelege. Men han skreiv og skreiv også etterpå, mykje vart refusert, anna vart aldri sendt til noko forlag.
Heger har gått gjennom dette enorme materialet, som er på 50 000 sider - brev, artiklar bøker. Og dette er den andre grunnen til at denne boka er ei ubehageleg bok.
Han var Gud lik
For den upubliserte Mykle er stormannsgal, han er skånsellaus mot sine næraste, og slyngar dei mest absurde anklagar mot familie, vener og andre som måtte ha kryssa hans spor. Han var den største forfattaren i verda, han var eit geni utan feil, han var Gud lik, han var innvarselet av den messianske tidsalder.
Denne boka stiller to spørsmål - det eine er allereie nemnt: Var prisen for dei bøkene som kom ut, for høg? Heger svarer ikkje direkte, men spørsmålet er i høgste grad relevant.
Det andre spørsmålet knyter seg direkte til biografien. Her får Mykle, rettnok posthumt, smake sin eigen medisin. Vi får eit etsande og svært detaljert innblikk i ei uroleg og forstyrra sjel. Og det andre spørsmålet er då: Har Heger blitt så fanga av den enorme tekstmassen at han har kome til å skrive ei sjukdomshistorie heller enn ein forfattarbiografi? Eg skal ikkje svare på det, men spørsmålet er relevant.
Biografien om Mykle er sjokkerande, ubehageleg og problematisk som Mykle sjøl var. Den er også veldokumentert og velskriven. Den reiser gode spørsmål som ikkje har enkle svar. Den fortener å bli lesen og debattert.
Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2, 27. oktober 1999