«Elias song» er den nyaste visa til Lars Bremnes. Sangen handlar om Elias som får livet endra fordi han blir flyktning, og drøymer om å få eit normalt liv igjen. Bremnes har framført visa på fleire konsertar den siste tida, og har merka at songen har gjort inntrykk:
– Det er spesielt å oppleve at når folk kjem bort til meg etter ein konsert for å prate, så er det den nye, ukjente visa dei vil snakke om, seier han til nrk.no.
Rask videoinnspeling
Flyktningane som tok seg over den norsk-russiske grensa i Finnmark var ein utløysande faktor då «Elias song» blei skriven.
Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AfpResponsen han har fått, gjorde at han spelte inn ein video i all hast med bandet han hadde då han var i Bodø. Fotograf Martin Losvik filma og redigerte videoen som blei lagt ut på nettet fredag kveld.
Søndag formiddag er videoen sett over 160.000 gangar, og hatt over 2000 delingar på sosiale medium:
– Eg er i sjokk over responsen vi har fått, eg har aldri sett på maken. Det er første gang eg har sleppt video på sosiale medium. Dette er overveldande for meg, seier Bremnes.
- Les også:
- Les også:
Han ønska å skrive ein song om flyktningkrisa i Europa. Men det tok litt tid før han klarte å knekke koden:
– Eg måtte jobbe ein del for å finne ein vinkel. Men då eg fann Elias, løyste ting seg. Ein mann som heiter Elias kan vere både norsk, syrisk eller jøde. Det er eit namn som fungerer på tvers av nasjonalitetar, kulturar og religion.
– Lett å forstå situasjonen
Lars Bremnes trur mange kjenner seg igjen i den nye songen hans.
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpixBremnes trur responsen han har fått på den nye songen, viser at det bur ein flyktning i oss alle. Vi kan enkelt forstå kor vanskeleg det er å få livet brått snudd på hovudet.
No håper Bremnes at nokon kan omsetje «Elias song» til andre språk, slik at også dei som ikkje forstår nordnorsk kan forstå kva songen handlar om. Han har allereie fått to forslag til engelsk tekst, og eit tilbod om å få songen omsett til arabisk. Men han vil bruke litt tid for å kvalitetssikre tekstane før han gir klarsignal.
- Les også:
Fleire av visene til Lars Bremnes har også blitt spelt inn av andre artistar. Men om nokon speler inn «Elias song», vil det vere ekstra stas, seier Bremnes:
– Det største som kunne skje med denne songen er om nokon ville synge han på eit anna språk. Eg kjem nok aldri til å spele inn ein arabisk versjon, men om nokon andre vil gjere det, så hadde det vore stort.