Hopp til innhold

Musikkekspert: - Lady Gagas stjernekonsert kjem på eit riktig tidspunkt

På laurdag skal superstjernene Billie Eilish, John Legend og andre store artistar opptre på den globale konserten «One World: Together At Home» for å støtte Verdsorganisasjonen for helse (WHO).

Lady Gaga på NFL SuperBowl.

INITIERTE: Lady Gaga var med å initiere «One World: Together At Home». – Det er viktig å tenke globalt, og støtte WHO for å redusere pandemien og hindre nye utbrot, seier ho.

Foto: Darron Cummings / AP

Den internasjonale interesseorganisasjonen Global Citizen og WHO har i samarbeid med Lady Gaga gått saman for å skape ein global konsert for å hylle og støtte helsearbeidarar og WHO i kampen mot COVID 19-pandemien.

Konserten som har fått namnet «One World: Together At Home», har ei rekke store namn på line-upen, deriblant Taylor Swift, The Killers, Sam Smith og Jessie J.

Musikkekspert i Aftenposten, Robert Hoftun Gjestad, meiner at denne konserten kjem på eit veldig riktig tidspunkt med tanke på Trumps avgjerd om å kutte støtta til WHO.

– Det står fram som eit smart trekk å støtte dei no, sjølv om Trump er ueinig. WHO bør vel styrkast, ikkje svekkast, seier han.

Appell til verdsleiarar

– Vi vil kaste ljos på alvoret og betydinga av denne historiske, eineståande og kulturelle bevegelsen, skreiv initiativtakar Lady Gaga på Twitter førre veke.

Laster Twitter-innhold

Det er ikkje berre artistar som deltar, men også andre kjente profilar som fotballstjerna David Beckham, Formel 1-køyraren Lewis Hamilton og kanskje verdas mest kjente talkshow-leiar Oprah Winfrey.

oprah winfrey og j-lo

SOLIDARITET: Jennifer Lopez og Oprah er med på bevegelsen, der målet er å inspirere folk til å vere heime, vise solidaritet til dei som har blitt ramma av korona – tillegg til å spreie glede og ei fellesskapskjensle til menneske verda over.

Foto: Richard Shotwell

I løpet av sendinga vil det kome historier frå helsearbeidarar, og deira sin innsats i å overvinne viruset.

I tillegg får vi møte personar som har blitt behandla for, og friskmeldt av COVID-19, og som vil uttrykke si takksemd.

Konserten er ein appell til verdsleiarar og internasjonale selskap om å bidra med nok ressursar i kampen mot korona.

Historisk event

Dette er ikkje fyrste gongen artistar går saman for å støtte opp under eit viktig formål. Live Aid i 1985, og Live 8 i 2005 er begge eksempel på store internasjonale støttekonsertar.

Men det er fyrste gongen at ei så stor hending blir strøymd live, og sendinga vil bli leia av dei amerikanske talkshow-vertane Jimmy Fallon, Jimmy Kimmel og Stephen Colbert.

62nd Grammy Awards

BILLIE EILISH: Stjerneskotet Billie Eilish er ein av artistane som skal opptre på «One World: Together At Home».

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

Robert Hoftun Gjestad trur derimot ikkje at «One World: Together At Home» er vår generasjons Live Aid.

– Det verkar ikkje som om den har fått like mykje merksemd ennå. Det er litt vanskeleg i 2020 å få det, men i USA har den kanskje fått større merksemd, seier Gjestad.

Både Live Aid og Live 8 fekk kritikk for å fremja artistane som var med meir enn å hjelpe. Det var òg stilt spørsmål ved om pengane som vart samla inn vart nytta til dei formåla det var tenkt til.

– Også i «One World: Together At Home» ligg det nok ei kommersiell nerve i botn også. Likevel verkar det som at artistane stiller opp fordi dei har troa på konseptet, seier Gjestad.

Han peikar vidare på at strøymekonsertar i utgangspunktet starta som ei naud-inntekt for artistar, spesielt i Noreg. Men at det er nokon som har råd til å snu fokus.

– I England har for eksempel Liam Gallagher lagt opp til konsert seinere i år der berre helsearbeidarar får billettar. Det er ein slags bevisstheit rundt å støtte folk som bidrar i kampen mot korona.

Global sending

Her heime vil konserten bli sendt live på TV 2 Sumo frå kl. 20.00-04.00, og vil framleis vere tilgjengeleg 72 timar etter at han er over.

Fleire internasjonale kringkastarar har også kasta seg på, blant anna skal BBC One sende programmet dagen etter.

Også YouTube, og fleire andre strøymetenester vil strøyme showet.

Her kan du høyre hyllesta KORK og Ingrid Olava laga til helsearbeidarar og dei andre heltane i samfunnet som utsett seg for smitte for å hjelpe andre.

Hør den fine hyllesten av heltene i samfunnet som utsetter seg for smitte for å hjelpe andre. NRK fikk med seg Ingrid Olava som skrev en helt ny tekst til "Warrior Song" og gjorde en ny innspilling for å hylle hverdags-krigerne.

Hør den fine hyllesta av heltane i samfunnet som utset seg for smitte for å hjelpe andre. NRK fekk med seg Ingrid Olava som skrev ei helt ny tekst til «Warrior Song» og gjorde ei ny innspeling for å hylle kvardags-krigarane.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.