Er det slik at steinar kan flyge? Gjev dei lyd frå seg? Korleis fungerer det heile?
Geirr Lystrup og Hege Rimestad har tatt utgangspunkt i steinar for å lage barneplata "Fly som en stein".
- Det heile var ein ide som eg fekk saman med mi gode venninne Namaa Alvar. Det hadde vore så mykje fokus på at ho var flyktning frå Irak. Vi ville liksom at fokuset skulle vere på noko anna. Så kom det fram at ho faktisk hadde studert geologi i Irak, ved sidan å vere skodespelar. Vi byrja å prate masse om det, og fant etter kvart ut at vi skulle lage ei skulefôrestilling.
Musikarar som Hilde Heltberg, Gjermund Silset, Roger Ludvigsen og Børre Flyen er også med på "Fly som en stein". Foto: Promo.
Ballen rulla gjerne vidare, og saman med Geirr Lystrup byrja dei tre å kaste stein.
- Vi kontakta Geirr som eg har spelt saman med i "Godtfolk". Eg huska at han hadde skreve fleire songar om steinar.
- Slik blei det ein steinprosess, humrar Geirr.
For å verkeleg stadfeste at det heile handlar om steinar, har Hege og plukka 1500 småstein ved foten av Galdhøpiggen som er lagt i dei 500 fyrste CD-covera.
Nissejenta
Forfatteren Geirr Lystrup er godt kjend frå høyrespel i Barnetimen i NRK, ei rekkje CD-plater, bøker og skodespel. Såg du NRK sin julekalender "Jul i Blåfjell" fekk du heilt sikkert med deg Hege Rimestad, som nissejenta. Men Rimestad har vore musikar og komponist lenge før ho byrja i tv-serien.
- Ungar den dag i dag, kjem bort til meg på gata og spør om korleis det var å bu nede i hula. Det er berre morsamt det.
- Men du har gjort ting før det?
- Å ja eg har blant anna turnert mykje også for barn, gjennom musikkfôrestillinga ”Stein, ild, is”. Det kjem eg også til å gjere framover. Det er denne førestillinga som eigentleg starta prosessen med denne plata, svarer Rimestad.
Geirr Lystrup har skreve tekstane på plata "Fly som en stein". Foto: Arkiv.
Nyskjerrige ungar
"Fly som en stein" har henta musikalsk inspirasjon frå fleire verdshjørne. Bandet har tonar og stemmer frå Manglerud, Bagdad, Batnfjordsøra og Iran.
- Stein er då noko felles i alle verdsdelar. Difor har vi henta inn musikk frå fleire hald.
Hege Rimestad var svært nysgjerrig som ung og vil gjerne at plata skal vere litt for ungar som undrar litt.
- Eg huskar at eg sjølv ofte lurte på kor stort verdsromet var og huska at steinar var gjerne det som fascinerte meg.
- På min husplass ved Mjøsa er det ei bronsealdersrøys, der er det mykje steinar. Ved å bruke slike ting som dette her så setter vi i gang prosessen til ungane, hevdar Geir.
- Guttungar har stein i lommene, vi går på stein støtt. Vi har eit veldig nært forhold til stein.
Med tittelen "Fly som en stein" seier det seg sjølv at ein gjerne treng litt trylling inn i det heile, men formelen vil dei to helst ikkje røpe.
- Det må ein finne ut av sjølv. Det er hemmeleg. Eg trur at alle må lage si eiga oppskrift, seier Geir medan Hege tilfører.
- Ja det er ei oppskrift for born og ei for vaksne.
Konsert i helga
Dei to musikarane ønskjer å nå ut til landets skular med forestillinga og musikken. Førebels vert det kun oppsetningar i Akershus. Laurdag 15. november kan du derimot høyre musikken frå plata på Geologisk Museum i Olso kl 1400. Søndag 16. november feirast CDen med slippfest på Blå i Oslo kl 13.00.