Ta ein gjeng med godt erfarne musikarar. Gi dei kvart sitt instrument og la dei få spele den musikken dei helst ønskjer. Slik er oppskrifta for The CREW. Bandet består av gitarist Anders G. Offenberg jr., Espen Stenhammer på trommer, vokalist Elisabeth Tunsberg, Bjørn Jacobsen på bass, Øyvind Solberg på gitar og Pål Iversen på tangentar. Gjengen frå Asker lagar musikk som dei meiner mange bør like.
Å ha tru på seg sjølv
Alle seks har lang erfaring som musikarar. Trommis Espen Stenhammer er kanskje mest kjend som fast inventar i Di Derre. Fleire har og spelt saman tidlegare, men det er fyrst no ein har funne den rette stilen seier Anders.
- Det heile handlar om å gjere noko ein verkeleg vil. Dei fleste kjenner kvarandre godt, men no føler vi verkeleg at vi lagar noko som vi har trua på.
Musikk for fleire
Kampen for platekontrakt er knallhard. The CREW vil gjere noko med dette og håper på at nokon kan satse på litt anna enn unge og moderne artistar.
- Vi er ein gjeng frå 27 til 38 år. Plateselskapa vil vel helst ha unge søte damer akkurat no. Eg trur publikum der ute vil ha litt meir. Kanskje litt av den typen musikk vi lagar. Eg er sikker på at det vi lagar vil famne eit stort publikum, meiner Anders.
- Kva type musikk er det då?
- Du kan gjerne kalle det pop/country/rock. Det har litt av kvart i seg, men skal vere folkeleg og fenge.
- Er det mogeleg å gi ut dette då?
- Heit sikkert ikkje på eit av dei store selskapa. Det har eg inga tru på, men kanskje er det nokon av dei mindre norske selskapa som har lyst å gi det ut. Lukkast ikkje det heller skal vi gi ut ei sjølvfinansiert plate i løpet av eit års tid.
Almost true
Almost tru er tittelen på songen the CREW er vinner av P1 demo med. Ein song som er svært lett å huske på. Kanskje ein ekte hitlåt?
- Ingen av mine låtar har blitt hitlåtar til nå, humrar Anders og legg til at det er mogeleg å håpe. - Mitt utgangspunkt er eg har tru på det eg likar svært godt. Dersom eg meiner det er bra så vil vel fleire like det. Dessutan er refrenget svært viktig.
- Er det oppskrifta?
- Ja hadde eg visst oppskrifta hadde eg blitt rik. Men ta til dømes A-ha. "Take on me" er ein song som er lett å hugse. Eg håper at det blir slik med vår låt også, men det skal vel litt til om den vert ein like stor hit, humrar Anders.