Det starta som eit coverband, med kjære låtar frå Crosby, Stills & Nash (And Young). Etterkvart fant karane i Adams Epler ut at dei kunne litt meir enn berre å synge og spele saman. I dag 10 år etter starten, er firarbanden frå Oslo ein oppegåande gjeng som lagar rolege harmonibaserte poplåtar. Bandet er vinnar av P1 demo veke 26.
Plateklar igjen
Erik Haga er vokalist i Adams Epler og hadde nesten gjeve opp håpet etter å ha sendt inn til P1 demo for ei tid tilbake sidan. Haga smiler gjennom telefonen då P1 demo ringer.
- Dette var svært overraskande. Så hyggelig. Kanskje er dette eit lite ekstra kick for oss. Hyggeleg å ha med seg no når vi er klar med vår cd nummer to.
For fire år sidan gav gruppa ut sin første CD med namnet ”Eplesang”. I desse dagar er dei klare med cd nummer to ”Darkness and Light”
Vokalbasert harmonipop
For utan vokalist Erik består Adams Epler av Olav Knutsen på gitar, Stig Lægreid på bass og Bjørn Skramstad på piano. Samanlikna med andre norske band er vokalen viktig for alle saman.
- Du kan gjerne kalle musikken vår vokalbasert harmonipop, humrar Haga.
- Å ja, kva er det for noko?
- Eigentleg vil vi vel ikkje bruke begrepet, men det passar likevel svært godt. Det er hovudsakleg roleg popmusikk som er tydeleg prega av vokalharmoniar, gjerne firstemt.
- Med andre ord dette er musikk for ”vaksne lyttarar”?
- Det er ikkje feil å seie det nei. Vi har passert 30 sjølv og lagar nok musikk for den gruppa ja, seier Erik med ei noko latterfull stemme.
Anna namn?
For trønderar og ivrige tv-sjåarar på seine onsdagskveldar vil ein umiddelbart trekke kjennskap til namnet Adams Epler. Revygruppa Adamseplene har vore populære i Trondheim med egen revy og humor- programmet ”Full pupp” på NRK 1.
- Vi veit om kvarandre, men det har ikkje skapt noko stort problem. I og med at vi syng på engelsk så har vi hatt planar om å skifte namn, hevdar Haga.
Familie og mykje jobbing har gjort sitt til musikken kjem i andre rekke. Den nye cd-en og sigeren i P1 demo kan kanskje forandre på ting?
- Bransjen er beintøff dei veit vi. Har du passert 30 så hamnar du nedst i demo-bunken hjå plateselskapa, men kanskje var dette eit ekstra puff for oss, seier Erik.