Hopp til innhold

Musikk droppar kjønnsspesifikke prisar, medan film heng etter

Fleire og fleire prisutdelingar droppar kjønnskategoriar. – Tida er dessverre ikkje moden for filmprisane, meiner skodespelar Anne Marie Ottersen.

Astrid S, Spellemannsprisen 2016

KVINNELEG NYKOMMAR: Astri S vann Spellemannprisen for årets nykommar i 2017. Kategoriane i Spellemannprisen har vore kjønnsnøytrale sidan 2012.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Anne Marie Ottersen

OPTIMISTISK: Anne Marie Ottersen, som har jobba for fleire kvinnelege hovudroller i ei årrekke hadde trudd at vi var komne lenger i dag. Men ho er optimistisk og trur det snart vil kome kjønnsnøytrale filmprisar.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Då ville det dessverre berre vore menn som vann pris. Film er framleis veldig kjønnsdelt, og dei fleste som spelar hovudrolle i film er menn. Eg trur ikkje vi er modne for den utskiftinga ennå, seier Anne Marie Ottersen.

Stadig fleire prisutdelingar droppar eigne kategoriar for mannlege og kvinnelege artistar. Før helga blei det klart at MTV Video Music Awards, som blir delt ut i august, droppar kjønnsspesifikke kategoriar.

Spellemannprisen droppa dei kjønnsspesifikke kategoriane alt i 2012.

Stavanger-rappar Benedicte Izabell Ekeland, best kjend som berre Izabell, meiner at skodespelarprisane no bør følgje i fotspora til Spellemann og MTV Video Music Awards med kjønnsnøytrale prisar.

– Sjølv om det er mange færre kvinnelege hovudroller, så er eg veldig for at filmprisar burde vere kjønnsnøytrale, seier artist og rappar Izabell.

Izabell

FOR KJØNNSNØYTRALE PRISAR: Rappar Benedicte Izabell Ekeland er nøgd med at fleire musikkprisar har blitt kjønnsnøytrale og meiner filmprisane nå må følgje etter.

Foto: Rashid Akrim / NRK P3

Tilbakevendande tema

Amandaprisen har blitt delt ut sidan 1985. Mangelen på kvinnelege hovudroller i norsk film, TV og teater har vore eit tilbakevendande tema i mange tiår.

Under årets Amandapris-utdeling om tre veker blir framleis prisane delt ut etter kjønn.

Anne Marie Ottersen vann sjølve Amandapris for beste kvinnelege hovudrolle i 1986, for filmen «Hustruer – ti år etter».

Skodespelaren og feministen meiner det er eit haldningsproblem som talar imot kjønnsnøytrale filmprisar.

– Vi hadde jo trudd at då vi heldt på som verst i byrjinga av 70-åra at dette skulle gå mykje fortare, det har det ikkje gjort, seier Ottersen.

– Sikrar balanse

Sjølv om delen kvinnelege hovudroller skulle stige drastisk på kort tid, trur ikkje leiar for Amandakomiteen, Tonje Hardersen, at det får konsekvensar for kjønnsspesifikke priskategoriar.

Tonje Hardersen

VIL DELE: Leiar i Amandakomiteen Tonje Hardersen vil behalde kjønnsdelte prisar.

Foto: Helge Hansen / Den norske filmfestivalen

– Skodespelar-prisane er dei viktigaste under alle prisutdelingar som blir vist på tv. Difor trur eg ikkje det er mange som har lyst til å redusere desse kategoriane til halvparten. Eg personleg ønskjer ikkje å fjerne dei, seier Hardersen.

– Kvifor skal det vere ei deling mellom beste mannlege og kvinnelege hovudrolle?

– Eg trur det er ein måte å sikre betre balanse mellom kategoriane. Dessutan kan ein jo spørje seg det om fleire ting, kvifor har vi herre og dame fotball for eksempel?

Hardersen er likevel tydeleg på at dei er opne for forandring.

– Amandaprisen har endra seg veldig sidan den blei etablert og vi er absolutt lydhøyre, men det har ikkje vore noko massivt krav om å endre på dette enn så lenge.

– Kvinnelege skodespelarar går i front

Stemmene som ønskjer kjønnsnøytrale prisar blir derimot stadig fleire, både i Noreg og i utlandet. Skodespelar Ottersen meiner dagens unge kvinnelege skodespelarar går i front.

– Dei er veldig bevisst dette her. Og dei veit å stå på krava, slik vi gjorde. Dei er opptekne av likestilling, så eg har veldig tru på at det kjem. Eg er optimistisk.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.