Alle vil møte Haruki Murakami

Billettane til møtet med den japanske suksessforfattaren Haruki Murakami på Litteraturhuset vart rivne vekk på rekordtid.

Haruki Murakami

Forfattaren Haruki Murakami er svært populær i Noreg, og 23. august kan nokre få heldige høyre han på Litteraturhuset i Oslo.

Foto: Michal Cizek / Scanpix/AFP

– Vi har selt ut billettane på så kort tid at vi ikkje klarer å rekne ut kor kort tid det tok. Men det var nok snakk om sekund, seier Silje Riise Næss, programansvarleg på Litteraturhuset.

Festivalstemning

"1Q84" av Haruki Murakami

Den siste boka til Murakami, 1Q84, har førebeløs berre kome ut på japansk.

Foto: Kazuhiro Nogi / Scanpix/AFP

Inne i Wergelandsalen der den japanske forfattaren Haruki Murakami skal prate 23. august er det plass i overkant av 200 personar, og alle desse billettane vart i dag rivne vekk på rekordtid. Totalt er det lagt ut 530 billettar, og det er framleis att nokre få av dei som ikkje er inne i sjølve salen.

– Visste at det ville verte stort trykk, men det er litt spesielt at ein japansk forfattar sel ut billettar på så kort tid.

Silje Riise Næss fortel at det nesten var musikkfestivalstemning i dag, med folk i kø utanfor kontoret, og mange fortvila menneske på telefon.

– Akkurat i dag er vi lei oss for at vi ikkje har større plass, slik at fleire kunne fått høyrt Haruki Murakami snakke.

– Er det aktuelt å overføre intervjuet direkte på nett?

– Det kan vi dessverre ikkje gjere, for Haruki Murakami stiller aldri opp i audovisuelle media.

Mange Murakami-frelste

Haruki Murakami er ein svært populær forfattar i heimlandet Japan, og i tillegg ein stor fanskare over heile verda.

– Det er ein forfattar ein elskar, bøkene hans har gjeve mange lesarar store leseopplevingar. Og det er eigentleg litt rart at ein liten, sjenert og tilbaketrekt mann kan skrive slike overstrøymande bøker.

I tillegg til sjølve møtet med Haruki Murakami har Litteraturhuset Murakamifestival på Litteraturhuset knytt til Murakami. Murakami-festivalen vert innleidd av Frode Grytten sitt føredrag om Murakami, som nesten har fått kultstatus etter at han heldt det for første gong i 2008.

Kulturstrøm

  • Sprikande konseptalbum frå Coldplay

    På «Music of the Spheres» har frontmann Chris Martin dikta opp eit parallelt solsystem, der kvar låt representerer ein planet og folket som bur der. «Sprikande og retningslaust», skriv musikkmeldar Sjur Systad Tyssen i P3. Terningkast 3.

    Coldplay 2021
    Foto: James Marcus Haney