Gamalosten har fått namnet sitt fordi den er den eldste surmjølks-osten ein kjenner til i Noreg, den har faktisk røter heilt attende til vikingtida.
Ein dusj med Mucor Mucedo
Gamalosten går gjennom ein omstendeleg prosess før den er ferdig. Så fort ostemassen er kokt i myse vert den trilla inn i det reinaste rommet på heile meieriet. Her vert den dusja med muggarten Mucor Mucedo. Skal ein unngå at bakteriar og andre muggartar øydelegg osten, må hygienen vere uhyre streng. Mucor Mucedo får ha gamalosten for seg sjølv.
Muggen må snu
3 dagar seinare har den kvite ostemassen fått ein gyllen farge. Muggen gjer at osten nesten ser overjordisk ut. Men muggen får ikkje stå i fred, skal osten modnast kan ikkje muggen vekse utover. Kvar einaste ost vert stroken for hand, muggen blir pakka inntil ostemassen slik at den veks innover. Nokre dagar etter vert osten stroken på nytt så etternølarane også må snu.
Inga Sæbø viser meg korleis ein sjekkar om gamalosten er moden.
11 i vest, 13 i aust
Inne på gjæringsbua misser eg pusten. Amoniakk-lukta slår imot meg, nasa mi protesterer vilt og eg får tårer i augene. Sjølv om eg kjem frå Vik er eg ikkje særleg glad i gammalost, og eg blir ikkje mildare stemt når eg møter denne veggen av vond lukt. Men det er ikkje osten som luktar, amoniakk-gassen er eit avfallsprodukt av modningsprosessen. Gassen ligg i lufta, ikkje i osten.
11 dagar gammal er osten klar for sal, i alle fall den som skal seljast på Vestlandet. Der likar dei nemleg osten best når den er fersk, medan gamalost-elskarane på Austlandet vil ha den litt modnare. Difor vert osten til aust ståande til den er 13 dagar gammal.
Før osten forlet meieriet må den undersøkjast grundig. Inga Sæbø både ser og smakar på osten før den vert godkjend.
Konfekt og Tapas
Pål og Sigmund tryllar fram dei utrulegaste rettar med gamalost.
Eg har ikkje heilt gitt opp håpet om at gamalost kan vere godt, og på kjøkenet ventar ekspertisen som skal hjelpe meg på veg. To kokkar frå TINE er i full gang med å trylle fram lekre rettar med gamalost, både tapas, tunfisk-salat, gamalost-konfekt og dessert. Dessert og sjokolade? Eg er både mistruisk og spent, men må vedgå at det ser lekkert ut.
Medan mange likar gamalosten best på ferskt brød med godt smør til, har eg alltid likt kombinasjonen med rømme og tyttebær-syltetøy best. No er lista mi blitt lengre. Potetkake med gravlaks, sennep og gamalost kosar seg i munnen min, og til dessert er sjokolade alltid godt. Sjokolade-trekte gamalost-terningar er ein vinnar. Ein ekte gamalost-entusiast vil nok riste sørgmodig på hovudet over dei bortskjemte smaksløkane mine, men kven veit, kanskje gamalost-konfekten er mitt fyrste steg på vegen til å bli ein fullblods gamalost-elskar?
Marinerte bringebær
400 gr bringebær
1 stk vaniljestang
1 stk kanelstang
150 gr sukker
1,5 dl vatn
100 gr Tine Kremost naturell
75 gr Tine gamalost
4 ss sukker
3 ss Tine seter rømme
Del vaniljestanga i to, skrap ut frøa. Ha kanelstang, sukker, vatn, vaniljestang og frø i ein kaserolle, og kok det i ca. 3 min. Sil laken over dei frosne bringebæra.
Pisk saman kremost, sukker og rømme med ein mix master. Rør inn gamalosten like før servering.
Anrett bringebæra på ein tallerken saman med ei skei krem. Pynt med mynte eller sitronmelisse.
Tapas
Gamalost-tapas. Mmmmm....
100 gr gamalost
200 gr grava laks
1 pk potetkake
1 gl senneps-saus
Smør potetkakene med seneps-saus. Legg på fine skiver av gamalost og laks. Rull saman, kutt i party-bitar, og stikk i ein tannpirkar.
150 gr gamalost
50 gr rørte tyttebær
50 gr stivpiska seter rømme
nykverna svart pepar, små flak med flatbrød
Bland inn tyttebær, gamalost og pepar i rømmen. Legg kremen på flatbrødet og pynt med gamalost og rørte tyttebær.
Gamalost-konfekt? Ja takk!
Gratinert gamalostkonfekt
4 stk eggekvite
50 gr sukker
24 like terningar gamalost 1x1 cm (150 gr)
2 plater mørk sjokolade
Pisk egg og sukker til ein stiv marengs. Bruk tannstikkarar som håndtak og dypp oste-terningane i marengsen. Gratiner med ein gassbrennar.
Dypp halvparten av oste-terningane i smelta sjokolade. Set dei kjølig til sjokoladen stivnar. Gamalosten kan også marinerast i portvin eller sukkerlake med appelsin og honning, før du trekkjer dei med sjokolade eller marengs.