NRK Meny
Normal

Moteikonet Anna Piaggi er død

Ho vart kalla «eit vandrande museum». Anna Piaggi, italiensk Vogue-journalist, stilikon og muse for Karl Lagerfeld, er død.

Anna Piaggi

Anna Piaggi, journalist i Vogue Italia og muse for Karl Lagerfeld, døydde i går, 81 år gammal.

Foto: Joel Ryan / Ap

Italy Fashion

Piaggi kledde seg ofte i flosshatt. 'Eg føler meg betre med hatt på', uttalte ho ein gong.

Foto: Luca Bruno / Ap

Den fargerike italienske motejournalisten døydde tysdag i heimen sin i Milano. Ho vart 81 år gammal.

Det er italienske Vogue som går ut med denne meldinga på sine heimesider.

– Anna var ikkje berre ein stor journalist og internasjonal kjent moteredaktør, ho var også eit ikon, ei muse og ein inspirasjon, står det i meldinga.

Piaggi var journalist for motebladet, ein legendarisk sådan. Ho hadde stor kunnskap om motehistoria, og eit klesskap fylt med plagg frå dei siste 200 åra.

«Eit vandrande museum»

Piaggi vart skildra som eit vandrande museum, fordi ho elska historiske plagg. Manolo Blahnik, som designa mange av skoa hennar, kalla henne «den einaste autoriteten på kjolar i verda».

Gjennom ei karriere som dekte fem tiår, blei Piaggi eit symbol for dekadent mote og ein forkjempar for unge designarar. Ho var inspirasjonskjelde for fleire av dei, spesielt Karl Lagerfeld i hans glamorøse og suksessfulle periode på 1960- og 1970-talet.

Når ho skulle reise vekk med Lagerfeld og hans medarbeidarar for ei helg tok ho med fleire fulle koffertar med klede, skriv Alicia Drake i biografien «The Beautiful Fall»:

– Vintage haute couture, antikke jodhpurs frå Chelsea Market, edwardianske klede og ei kappe som hadde byrja livet som kostyme i den første oppsetjinga av Stravinskys «Gullfuglen».

LES OGSÅ: Redaktøren som vart motestjerne

Teatersminke og flosshatt

Piaggi

Anna Piaggi var kjent for det blå håret og teatersminka.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Chanel-designaren Lagerfeld lagde seinare ei skissebok med Annas kreasjonar og skreiv «Anna invents fashion».

– Ho kler seg som ein skodespelar. Ho er ein fantastisk utøvar, men også forfattaren av skodespelet, har Lagerfeld sagt om Piaggi, ifølgje The New York Times.

Ved kvar moteveke venta fotografar og designarar tolmodig til Anna Piaggi hadde inntatt sin plass - bak scena. Ho ville nemleg ikkje forstyrre utsikta til nokon andre.

Hennar signatur var det kvitpudra ansiktet med frisk rouge på begge kinn, blå eyeliner, lepper sminka i ein overdreven boge og blått hår. Som regel stod det også ein liten flosshatt på hovudet.

Piaggi hevda at ho ikkje hadde gått heimafrå utan hatt på hovudet sidan 1980-talet.

– Eg føler meg betre med hatt på. Hattane er kjæledyra mine, uttalte ho ein gong.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anna Piaggi

Det var sjeldan Anna Piaggi sat på første rad på motevsiningar. Som regel stod ho bak scena, ofte kledd i hatt.

Foto: LUCA BRUNO / AP

Blir hylla av moteverda

I 2006 dediserte Victoria and Albert Museum i London ei utstilling til ære for henne, som trakk 25.000 besøkande. Tusenvis av kjolar, samt sko, vifter, fjærboaer, hattar og forkle vart stilt ut.

Karl Lagerfeld

Karl Lagerfeld var nær ven av Piaggi. Han brukte henne som inspirasjonskjelde til kolleksjonane sine.

Foto: Joel Ryan / Ap

Piaggi hadde eit nært samarbeid med hattemakar Stephen Jones, som besøkte henne seinast for berre to veker sidan.

– Vi la planar om å sjå herremoten i London i januar. Ho har vore ei leiestjerne og ein inspirasjon, seier han til nyheitsbyrået AP.

Moteverda hyllar den avdøde journalisten.

– Veldig trist å høyre at Anna Piaggi er død, tvitrar Domenico Dolce frå Dolce & Gabbana.

– Det er så trist å høyre at Anna Piaggi, eit av mine siste mote- og skjønnheitsikon, har gått bort. Ho var dronninga, glamorøs og eksentrisk, tvitrar Dita Von Teese, modell og burleskdansar.

Kulturstrøm

  • Utseld Guns N' Roses-konsert

    Torsdag spelar Guns N' Roses comeback-konsert for eit utseld Valle Hovin, skriv NTB. Etter mange år med uvenskap og trøbbel, har det famøse bandet funne saman igjen. I 2012 var gitarist Slash gjest hos NRKs Ole Torp. Då var han ikkje så gira på å snakke om fortida:

    Gitarist Slash var torsdag gjest i Aktuelt hos Ole Torp. Se hele intervjuet her.
  • Står Cardi B for årets video?

    MTV har presentert lista over dei nominerte til årets musikkvideo-prisutdeling, ifølgje Paper magazine. Rapstjerna Cardi B og ekteparet Beyoncé/Jay-Z (The Carters) leiar med flest nominasjonar. I kategorien årets video er følgjande nominert: Cardi B, Camila Cabello, Bruno Mars, Ariana Grande, The Carters, Childish Gambino og Drake. Les om kvifor Childish Gambinos musikkvideo skaka verda tidlegare i år.

    Cardi B
    Foto: Evan Agostini / AP
  • Framførte Bowie-låt for første gong

    Maria Schneider, hovudartist på Molde jazzfestival, spelte ein David Bowie-låt då ho opna festivalen i går, skriv VG. «Sue (Or in a Season of Crime)» var med på plata «Blackstar» som kom ut to dagar før Bowie døydde i 2016. Schneider medverka som komponist til plata. Låten har aldri blitt framført live før. Jazzmusikaren har tidlegare vunne fem Grammy-prisar.

    Maria Schneider. Moldejazz 2018
    Foto: Ann Eli Nøsen / NRK