Hopp til innhold

Moteekspertane gir deg vårmoten

Hippie frå 70-talet, modig fargeprosjektor eller perfeksjonistisk minimalist? Sjå korleis du kan gjere den kontrastfylte vårmoten til din eigen.

Designarane viste eit hav av stilar på catwalken då vår- og sommarmoten vart presentert i fjor. No er kleda i butikkane og trendane på gatene. Men korleis overføre ekstravagante designantrekk til kvardagslivet?

Vi guidar deg til tre av trendane som dominerer motebiletet akkurat no.

Knallfarge-prosjektor

– Vi hadde det gøy, og var veldig nøgde med å sjå på friske fargar, lette tekstilar og lange, bølgjande kjolar. Kva som var vår favorittfarge? Shiny! uttalte Marc Jacobs til Style.com då han hadde vist sine visjonar for våren og sommaren 2011.

Nedover catwalken spankulerte modellar i lilla, rosa, burgunder, raudt og blått. Fleire designarar tenkte i same bane og viste sterke fargar som rosa, grønt, oransje, raudt og gult i sine kolleksjonar:

  • Jil Sander gjorde det som tidlegare vart sett på som ei forbryting i moteverda: Han miksa raudt og rosa i same antrekk.
  • Max Mara gav oss komplette antrekk i éin farge, i minimalistisk stil med reine snitt.
  • Medan Gucci tok i bruk ein stor, delikat fargepalett som gjekk frå lilla, oransje og grønt til beige.

Sjå vårvisninga til Jil Sander og la deg inspirere:

– Det er veldig kult å mikse knallfargar, men det er ikkje alle som tør det. Då kan ein bruke eitt knallfarga plagg med svarte eller kvite jeans til, for eksempel. Det finst også mykje tilbehør i sterke fargar, og knallfarga jeans kan vere eit alternativ for dei som ikkje vil kle seg i ein farge frå topp til tå, seier moteredaktør i Elle, Petra Middelthon.

Også Sissel Hoffengh, journalisten bak spalten «Ille til mote» i Dagsavisen, har tru på knallfargane.

– Sjokkrosa blir kjempestort! Men du treng ikkje kome i sjokkrosa dress på jobb. Du kan plukke tilbehør i knallfargar, for eksempel. Så må du også sjå på kva du toler av fargar, ver forsiktig med å bruke grønt og rosa opp mot ansiktet, rådar ho.

Om du dukkar opp i knallfargar må du vere budd på merksemd.

– Eventuelt kan du lakke neglene i knallfargar mot eit elles nøytralt antrekk, eller gå for ein knallraud leppestift mot eit svart antrekk, seier Hoffengh.

That 70s Show

STELLA-MCCARTNEY

Designaren Stella McCartney er blant dei som har latt seg inspirere av 70-talet.

Foto: PATRICK KOVARIK / Afp

Jodie Foster i «Taxidriver» er referanse for mange av designarane denne sesongen. Men dei tolkar det populære tiåret på ulike måtar.

  • Roberto Cavalli viste ein prærie-hippie med frynsar og klede i jordtonar.
  • Pucci, med norske Peter Dundas i sjefsstolen, viste ein delikat 70-talsstil med fargar, inspirert av italienske jet-settarar.
  • Marc Jacobs har fått disco-feber, og var inspirert av Bianca Jagger, difor dei skinnande fargane.

– For å få litt 70-talskjensle kan du for eksempel kjøpe deg ei slengbukse, det har alle kjedebutikkane. Gå også for blomstermønster og frynsedetaljar, rådar Petra Middelthon.

Ho ser mellom anna på Roberto Cavalli som ein god, moderne innfallsvinkel til tiåret.

Sjå innslag frå Style.com om korleis Marc Jacobs tolka 70-talet:

Sissel Hoffengh framhevar det store spennet i moten frå 70-talet.

– Det har etterslep av 60-talshippiane, men også discobølgja, punken, samt den fantastiske motsetnaden glamrocken. Alle desse stilane er det lett å plukke frå, seier ho.

Men igjen kan det vere lurt å moderere seg.

– Om du går for ein retrostil må du passe på at det ikkje ser ut som eit kostyme. Alt med måte, du kan plukke ei veske med frynser, ei slengbukse, eller plagg med grafiske Marimekko-mønster. Det er ein nydeleg periode å plukke frå, du treng ikkje å køyre stilen frå topp til tå, seier Hoffengh.

(Artikkelen held fram under biletet)

ROBERTO CAVALLI

Roberto Cavalli viste ein moderne hippie-stil for våren og sommaren. La deg inspirere av detaljane.

Foto: OLIVIER MORIN / Afp

Perfeksjonistisk minimalist

I vår og sommar finst det også klede for deg som likar det heilt enkelt. Det er framleis perfeksjonistiske minimalistar blant designarane, der snittet og den perfekte silhuetten er viktigast.

  • Calvin Klein var ein av pionerane for denne stilen på 80- og 90-talet, og satsar på reine linjer, kvitt og svart, i vår og sommar.
  • Chloé viste gjennomførte, enkle antrekk i nøytrale fargar som beige.
  • Medan Céline miksa skinn og tresko med enkle toppar i beige og kvitt.

Her må du rekne med å gå litt opp i pris for å lukkast med stilen.

– Gå for dyre, fine stoff og klassiske snitt. Du lukkast ikkje med denne stilen med billige, kjipe stoff. Rein, fin bomull og kasjmir er gode tips, så du må nok litt meir opp i prisklasse, seier Petra Middelthon, moteredaktør i Elle.

MAX MARA

Max Mara viste minimalistiske plagg i sterke fargar. Gå for dyre, fine stoff, er rådet frå moteredaktør om du vil meistre denne stilen.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / Afp

Vil du liggje i forkant av trendane? Les meir om moten som kjem til hausten og vinteren her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober