Det er veldig sjeldan ein møter på bjørn ute i naturen – for bjørnen er ganske sky og har ikkje så lyst til å treffe på oss menneske. Som regel kjenner bjørnen lukta av oss lenge før vi har fått auge på han, og så stikk han sin veg. Men viss du treff på ein bjørn, er det best å bli ståande i ro eller gå roleg bakover bort frå han. Då går han sin veg.
Sidan det er så vanskeleg å treffe ein bjørn ute i naturen, reiste producar Ågot og eg til Namsskogan Dyrepark i Nord-Trøndelag. Der er det nemleg mange bjørnar – og dei er litt lettare å få auge på.
Dikkedikk!
Brumm! Er det noko mat å få her?
I januar i år vart det fødd tre søte bjørnenurk i dyreparken, to hannar og ei hoe. Bjørnungane vart fødde medan mora låg og tok vinterluren sin i dyreparkhiet. I byrjinga såg ungane ut som små rotter eller ekorn, og det er berre så vidt ein får auge på dei i pelsen til mora. Men etter å ha kosa seg nokre månader med mora si bjørnemjølk, veks dei fort og blir ordentlige små bjørnar.
Bjørnemor er hønemor
Skal vi ikkje ut av hiet snart?
I månadsskiftet april/mai, når det byrjar å bli vår i lufta, kjenner bjørnane at det er på tide å vakne opp frå vintersøvnen og forlate hiet. Før ungane får komme ut, vil dyrepassarane vege dei for å sjå kor mykje dei har vekst. Då må ungane skiljast frå mora. Binna er nemleg veldig redd for ungane sine og passar veldig godt på dei. Ho hadde nok slått oss med labben viss ho fekk tak i oss. Medan binna var opptatt med noko anna, fekk vi lurt ut ein av ungane og vege han. Etterpå fekk eg halde han ei lita stund. Han var ganske redd, men han tok labbane rundt meg og var veldig søt… Han sleika meg til og med på kinnet! Eg hadde ikkje så lyst til å gi han frå meg, men mora hans ville jo ha han tilbake. Og no luskar han nok glad og nøgd rundt ute i dyreparken saman med søskena sine.
Sendt på Newton søndag 18. mai klokka 18:30 på NRK1
Vil du vite meir om bjørn? Sjå her: