Hopp til innhold

Mosaic

Tenk deg å reise rundt i verda å synge saman med venane dine. Sidan 1994 har gruppa Mosaic blant anna gjort det.

Mosaic
Foto: Promo

Om Mosaic kjem vidare til frå Nettsjansen til Kjempesjansen skal dei framføre “On my Feet” av Sindre Røyland , den kan du allereie no sjå dei framføre på musikkvideoen sin

Opplevd mykje

For mange i gruppa er turneen i Europa noko av det største og mest spennande dei har opplevd, men ikkje for alle.

- For enkelte av dei kvinnelege kormedlemmane var det nok større å få kore Westlife på fredskonserten i 2005.

MÅS

Misaic har sin eigen kultur, MÅS-kulturen. Desse tre bokstavane betyr alt dei føler at dei står for, høg Musikalsk kvalitet, eit godt Åndeleg fellesskap og eit trygt og godt Sosialt felleskap der medlemmane føler seg sett og ivaretatt.

- Dette fortel oss om dei tre tinga vi vektlegg sterkast.

Singback

- Å ja då!

Det er ikkje vanskeleg for Mosaic å kome på nokre pinlege ting som har skjedd då dei har opptredd. Det har kanskje mykje med at dei har opptredd over alt, men av ein eller anna grunn har det meste skjedd i Norge.

- Vi gløymer aldri den gongen vi opptredde på KRF sitt julebord, med singback. Vi marsjerte så pent inn med lys, stilte oss opp og smilte til Bondevik og co. Etter første vers på ”Det lyser i stille grender” var det hakk i plata. Slikt er moro!

Men dette er ikkje einaste gongen Mosaic har hatt problem med singbacken.

- Det var og ein gong vi song med playback på TV, og nokon satt på feil song. Uflaks for solisten som med god tru gjekk framfor koret, men som berre måtte snike seg tilbake fordi songen som var satt på var utan solist!

Kva skal de bruke pengane de vinn til?

- Halvparten av pengane skal gå til Misjonsalliansen, som driv eit fantastisk bistandsarbeid i mange land, blant anna Bolivia. Resten av pengane vil gå til vår nye cd-innspeling og turne.

På gøy med Mosaic:

Kva er det mest underlege oppdraget koret har opplevd?

- Å synge i Her og Nå sitt fem års jubileum. Vi song ”Circle og Life” med ansikta gjømt bak kvar vår plakat med bilde av ein kjendis, og dei fleste av desse satt i salen! Det var i grunnen ganske festleg. Vi song forresten og på ein av 5 % community sine festar. Det var rett før skandalen blei rulla opp.

Har de funnet på eller opplevd noko gøy når de har vore på turne?

- Ein av mennene i gruppa var nygift, då vi skulle skifte gjekk han inn i jentegarderoben og han meinte på fullt alvor at klart han kunne skifte der, han var jo gift! Akkurat som det gjer menn kjønnslause!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.