Hopp til innhold

Morrissey står utan plateselskap

Ingen vil skrive kontrakt med ein av verdas mest kjende vokalistar. Og no krigar Morrissey også med fansen sin.

Morrissey

Morrissey, av mange sett på som ei musikalsk legende, slit med å få platekontrakt. Han vil ikkje gjere som Radiohead: Gi ut albumet sjølv på Internett.

Foto: Caligvla/en.wikipedia

Han har blitt hylla for sine kontroversielle tekster, sterke meiningar og spesielle stemme. Elska og hata og på lister over dei beste rockevokalistane i verda. No står mannen som blei kjent gjennom indiebandet The Smiths på 80-talet utan plateselskap, for første gong på mange år.

ØYA

Morrissey kritiserte både presse, plateselskap, U2 og fans i eit intervju nyleg.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Oppfølgjaralbumet til «Years of Refusal», som kom i 2009, er ferdigstilt og Morrissey spelte tre av dei nye låtane på BBC for to veker sidan. Han vil ikkje offentleggjere meir av albumet før han har ei platekontrakt i hendene.

Kritiserer plateselskapa og pressa

Musikknettstaden Picthfork gjorde nyleg eit langt e-post-intervju med han. Dei fekk svar som er typiske for mannen som ga ordet «nedfor» eit ansikt.

Morrissey meiner det ikkje er mykje han sjølv kan gjere for å få platekontrakt.

– Når det blir offentleggjort at ein ikkje er signert, må ein kunne rekne med at selskapa som er interessert vil gi seg til kjenne. Eg trur selskapa heller vil signere unge, ukjende band, slik at dei som selskap kan skryte på seg framgangen til bandet. Få selskap vil ha band som allereie har markert seg, fordi suksessen deira som regel er linka til eit anna selskap, seier han.

Les: Morrissey angrer ikke

Den britiske artisten vil ikkje gjere som Radiohead og sleppe plata sjølv på Internett.

– Eg held framleis fast på draumen om at eit album kan selje bra fordi folk likar låtane, ikkje grunna god marknadsføring, seier han.

Les: Tidenes beste vokalist?

Kritiserer fansen

– Dei fleste artistar er kjent for album som introduserte dei til publikum eller ga dei suksess. På grunn av dette skriv pressa berre om meg i forhold til The Smiths. At eg har hatt tre soloalbum på førsteplass på hitlistene, og ei solokarriere i 25 år, er sjeldan nemnt, klagar han til Pitchfork.

Morrissey stoppar ikkje der. Han er også involvert i ei konflikt med fansen som driv nettstaden Morrissey-solo.com.

På ein konsert i Bradford nyleg hadde han på seg ei t-skjorte med påskrifta «Fuck Morrissey-solo.com», for å understreke at han ikkje syns noko om nettstaden. Paradoksalt nok er det ei fanside, så det er uvisst kvifor Morrissey angrip den.

Les: Støtter angrep på Cameron

Kritiserer U2

Tidlegare har han vore i klinsj med dei fleste. Han har kalla dronning Elizabeth fascist, irritert seg over at David Cameron lyttar til musikken hans og vore ein krass kritikar av Storbritannia og dei fleste regjeringane der, heilt tilbake til Margaret Thatcher si tid.

Les: Kaller dronninga fascist

Morrissey spelte nyleg på Glastonbury-festivalen og når han blir spurt om den slår han til med eit klassisk Morrissey-glefs mot verdas største rockeband:

– U2 har eit enormt stort Star Wars-set med lyskastarar som lyser opp nord-Afrika og eit lydsystem som ville overdøyva eit jordskjelv. Eg kan ikkje konkurrere med det. Ikkje med min postbank-sparekonto. Alt eg har å tilby verda er låtane mine, seier han.

Men Morrissey får det som regel slik han vil. Nyleg fekk han ein heil festival til å berre servere vegetarisk mat, for at han skulle opptre der.

Les: Innfører 24-timers kjøttforbud når Morrissey kommer

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober