Elva har gjennom 10.000 år grave ut denne grotta. Framleis held elva på å skylle ut kalk for på den måten å sakte, men sikkert gjere grotta større. Det er ganske kaldt å vasse innover, men det gløymer vi fort då vi oppdagar alt det fine som er inne i grotta. Det er nydelig å gå innover og la lyktene lyse opp kalkveggane. Langt inne i grotta oppdagar vi stein som heng ned fra taket som lange dråpar.
- Det er dryppstein, kan Arne forklare meg. Og vi ser noko rart og kvitt som heng i taket og på veggane. Det er den mystiske ”månemelka”!
Her er eg midt inne i grotta. Foto: NRK
Korleis skal vi komme oss ut?
Det er skikkeleg trangt i grotta, og nokre stader må vi krype framover i elva. Difor går det ikkje lang tid før vi er skikkeleg våte. Etter å ha gått langt inn i grotta, kjem vi til ein plass der elva dekker heile grottegangen. - Det er ein vatnlås, fortel Arne. Det betyr at grotta er så trang og vatnet så høgt at elva fyller heile grottegangen. For å komme oss videre her må vi dykke. Siden vi ikkje har det rette utstyret til slikt, snur vi ved vatnlåsen. Då vi kjem tilbake til starten av grotta, oppdagar eg eit problem: Korleis skal vi komme oss ut av grotta? Det blir alt for tungt å heise seg opp med taua vi brukte til å rappellere oss ned med. Arne er ein tøffing og ser ein annan moglegheit. Han foreslår at vi skal gå ut der vatnet kjem inn. Altså klatre opp fossen! Det ser både skummelt og vanskeleg ut, men dersom det er den einaste vegen ut, er det vel bare å forsøke.
Må eg gå gjennom denne fossen? Foto: NRK
Om eg kjem meg opp av grotta får du sjå på søndag.