Den katastrofale brannen i Moria-leiren har gjort dei allereie ekstreme forholda umenneskelege. 13.000 menneske manglar grunnleggande ting som vatn, mat, toalett og dusj.
Emneknaggen #50erikkenok har dei siste døgna spreidd seg i sosiale medium.
Influensar og samfunnsdebattant Kristin Gjelsvik er blant dei som har tatt han i bruk. Ho kritiserer regjeringa sin innsats i krisa.
– Situasjonen er kritisk. Barnefamiliar søv i grøftekantar og på parkeringsplassar under open himmel. Me må handla no, og me må ta imot fleire.
Tidlegare i dag var NRKs reporter midt i kaoset – sjå videoen her:
50.000 underskrifter på to døgn
Regjeringa gjekk onsdag ut og sa at Noreg skulle henta ut 50 asylsøkarar. Responsen på tiltaket har ikkje late venta på seg.
Gjelsvik har engasjert seg i flyktningleirane lenge. Ho besøkte sjølv Moria-leiren då det var 4000 menneske der.
– Og allereie då var kapasiteten sprengt. Det gjer vondt i heile kroppen å sjå kva desse menneska går gjennom. 13.000 går frå veldig, veldig lite til ingenting.
Emneknaggen har bidratt til at Redd Barna på to døgn har fått 50.000 underskrifter i oppropet sitt.
– Det viser med all klarleik at den norske befolkninga ønsker å hjelpa i langt større grad enn det regjeringa legg opp til, seier generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna.
– Har ikkje respondert på krisa
Artist Sondre Justad meiner Noreg så langt har gjort veldig lite for å hjelpa i situasjonen.
– Det ville jo vore vanleg med ein kriserespons på ei slik akutt krise som me opplever akkurat no. Det me ser frå styresmaktene er jo eit vedtak som blei gjort før brannen. Me har jo framleis ikkje respondert på den krisa som skjer.
Justad meiner det hastar å legga press på dei norske styresmaktene. Han håpar dei vil lytta.
– Oppi alt av byråkrati og politikk må ein òg sjå på det faktiske engasjementet som skjer. Det norske folk seier no «me er klare og vil hjelpa til, gi oss fleire».
Politisk splid
Spørsmålet om korleis Noreg skal handtera situasjonen har skapt politisk splid. Tidlegare ordførarkandidat Jarle Utne-Reitan i Haugesund melde seg ut av Høgre i protest.
– Her er det viktig å stå opp mot regjeringa og sei at nok er nok. Me tar berre inn ei lita busslast med flyktningar. Dette er verkeleg flaut, sa han til NRK fredag.
Fleire av landets ordførarar og kommunar har sagt seg villige til å ta imot fleire titals asylsøkarar aleine.
Også i KrF, som saman med dei andre regjeringspartia landa på talet 50, er politikarane splitta.
– Eg hadde venta eit høgare tal. I denne situasjonen bør det vera rom for fleire flyktningar, seier ordførar Nils Olav Larsen (KrF) i Vennesla i Agder til Aftenposten.