Hava våre skjuler mange mysterier. Vi veit faktisk mykje meir om overflata på Månen eller Mars enn om korleis det ser ut på botnen av hava – eller om kva som lever der nede. Ingen har for eksempel sett eit levande eksemplar av kjempeblekkspruten som lever på ca 3000 meters djup. Det er fordi han er svært sjeldan, og fordi det er ganske sjeldan at menneske ferdast i dei traktene blekkspruten lever.
Ein kjempeblekksprut går i land
Men av og til får vi altså smugkika litt på korleis det er der nede når ein død kjempeblekksprut rek i land. Det skjedde blant anna i Australia i juli 2002. På ei strand på øya Tasmania, sør for Australia, vart det funnen ein blekksprut som vog 250 kg og var
Denne kjempeblekkspruten dreiv i land på Trøndelagskysten. Foto: NRK
nesten 18 meter lang når ein tok med tentaklane. Slike blekksprutar har drive i land i Norge også. På Hemne i Trøndelag blei det skylt i land ein kjempeblekksprut i 1896. Han var 12 meter lang og hadde til saman 3000 sugekoppar. Denne blekkspruten finst framleis på Vitskapsmuseet i Trondheim der han ligg i nokre svære kar nede i kjellaren. Det har også blitt laga ein modell av blekkspruten som heng i taket på museet.
Basketak på djupet
Kven trur du har fanga denne haien? Foto: NRK
Sjølv om vi veit lite om kjempane i djupet er det i alle fall ein ting som er heilt sikkert; dei er ikkje vegetarianarar. Men dei blir sjølv mat for andre dyr på djupet også. Kjempeblekksprutar er yndlingsmaten til spermasettkvalar. Det veit vi fordi dei har blitt funne i magane til døde kvalar. Ein har også funne sugekoppforma arr på døde kvalar som tyder på at spermasettkvalar og kjempeblekksprutar har vore i slosskamp ein stad der nede i djupet.
Farleg for menneske?
Kaptein Nemo møter ein kjempeblekksprut. Foto: NRK-arkiv
Kjempeblekksprutar dukkar opp i både bøker og filmar. I Jules Vernes si bok ”En verdensomseiling under havet” møter kaptein Nemo ein kjempeblekksprut i ubåten sin. Det finst også massevis av myter og legender om kjempeblekksprutar. Under 2. verdskrigen gjekk det historiar blant sjøfolk som hadde overlevd skipsforlis, om at skipskameratar vart etne av kjempeblekksprutar i nattas mulm og mørke. Uæh! Det finst også historiar om at kjempeblekksprutar har dukka opp frå vatnet og drege fiskarar ut av båten og ned i havet. Ingen av desse fæle historiane har latt seg verifisere – så det er ikkje sikkert at dei er sanne, men det er i alle fall sikkert at kjempeblekkspruten er eit digert rovdyr med lange, skumle fangarmar. Det er kanskje bra for oss at kjempeblekkspruten trivst best på 3000 meters djup...