Hopp til innhold

Er dette Mona Lisa?

Dette skjelettet kan vera modellen for det verdskjende maleriet Mona Lisa.

Italienske arkeologar opna i dag eit nytt gravkammer ved eit kloster i Firenze. Dei er på jakt etter skjelettet til Lisa Gherardini, som skal ha stått modell for det verdskjende maleriet Mona Lisa.

I dag blir fleire bilete frå utgravinga offentleggjort. Bileta viser det som kan vera leivningane etter kvinna som stod modell for maleriet.

Lisa Gherardini var gift med ein velståande handelsmann, og flytta til klosteret Sankt Ursula i Firenze etter at ektemannen døydde. Ho skal ha blitt gravlagt ved klosteret i 1542.

Leita i 25 år

Italy Mona Lisa

Mona Lisa med det gåtefulle smilet er eit av verdas mest kjende måleri. Det heng godt beskytta bak tjukt glas ved museet Louvre i Paris.

Foto: Amel Pain / Ap

Kvinna med det mystiske smilet har inspirert og besett mange.

Historikaren Giuseppe Pallanti har brukt 25 år på å bevisa at Leonardo da Vinci sin far var nabo til Lisa Gherardini, skriv Huffington Post.

Ekspertar er no sikre på at Lisa Gherardini stod modell for Mona Lisa. Beviset finn dei i nokre skriblerier ein ven av Leonardo da Vinci gjorde i margen på ei bok frå 1503. Venen skriv at da Vinci held på med eit portrett av Gherardini.

Vil ha fred

Etterkommarar av Lisa Gherardini er kritiske til jakta på Mona Lisa-modellen. Dei meiner etterlevningane må få kvila i fred, og at utgravinga av skjeletta er krenkande, skriv The Telegraph.

Slike omsyn tek ikkje arkeologane, som har arbeidd med utgravingane sidan mai i fjor. Skjeletta dei finn, kjem til å bli undersøkt ved Universitetet i Bologna.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober