Hopp til innhold

Mistenkt for drapet på XXXTentacion

Politiet har arrestert ein 22 år gamal mann for drapet på den amerikanske rapparen og songaren XXXTentacion.

Etterforskere under søker en bil etter at XXXTentacion ble skutt og drept i Miami.

Etterforskarar undersøker bilen til XXXTentacion. Artisten blei drepen måndag då han var i ferd med å setje seg inn i bilen etter å ha vore inne på ein motorsportforhandlar.

Foto: John McCall / AP

Den 20 år gamle rapparen og songaren XXXTentacion blei skoten og drepen måndag, då han var på veg ut frå ein motorsportforhandlar nær heimen sin i Florida. Politiet meinte det truleg dreidde seg om eit ransforsøk.

No har politiet i fengsla den 22 år gamle Dedrick D. Williams, og sikta han for overlagt drap, melder TMZ.

Det lokale politiet stadfestar også at dei har fengsla ein mann for drapet, og at dei kjem tilbake med meir informasjon seinare på torsdag.

Laster Twitter-innhold

Williams var ute på prøve, og er også sikta for å brote vilkåra for prøvetida ved å stele ein bil, skriv New York Daily News. Politiet leitar etter ytterlegare to personar, melder Mirror.

Stor suksess

XXXTentacion, som eigentleg heiter Janseh Dwayne Onfroy, har toppa både Billboard og VG-lista med dei to studioalbuma han rakk å spele inn, «17» og «?». Låten «Sad» er blant dei mest strøyma låtane i verda for augneblinken.

Då meldinga om drapet kom måndag, førte det til at songen blei strøyma 10,4 millionar gongar på Spotify. Han sette med det ny rekord for avspeling av ei plate på ein enkelt dag. Taylor Swift hadde den gamle rekorden. Hennar låt «Look What You Made Me Do» blei strøyma 10,1 millionar gongar 25. august 2017, skriv Variety.

XXXTentacion

XXXTentacion oppnådde rask suksess med musikken sin. Etter at han blei drepen måndag, har det gjort at både strøyming og sal av musikken hans har skote i vêret.

Foto: AP

Salet av platene hans skaut også vêret etter nyheita måndag. Ifølgje NME steig platesalet gjennom Amazon og iTunes med over 1600 prosent det første døgnet etter at drapet blei kjent.

Sikta for vald

Onfroy var ein omstridd artist på grunn av ei valdeleg fortid. Då han blei drepen, venta han på at å bli stilt for retten for å ha utført grov vald mot sin gravide eks-kjæraste.

XXXTentacion Slain

Fans har samla seg på staden der Janseh Dwayne Onfroy, også kjent som XXXTentacion, blei drepen for å heidre artisten.

Foto: John McCall / AP

Dette førte til at Spotify valde å fjerne låtane hans frå spelelistene dei kuraterer, blant dei ei av dei mest populær spelelistene til strøymeselskapet, «Rap Caviar». Men då artisten Kendrick Lamar truga med å trekke sine låtar frå strøymetenesta, beklaga Spotify og sa at dei hadde gjort ei feilvurdering, skriv Pitchfork.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober