Hopp til innhold

Ein heilt vanleg overgripar

Når overgriparen liknar på deg og meg, skal vi då prøve å forstå kva som ligg bak, eller akseptere at overgrepet kjem ut av det blå?

Bjarte Breiteig

Forfatter Bjarte Breiteig har tidlegare gitt ut ei rekke novellesamlingar. Han skriv om overgrep i sin første roman.

Foto: Thomas Wiborg / NRK

Den kritikarroste novellisten Bjarte Breiteig romandebuterer denne hausten. Overgangen er ikkje heilt smertefri. Novellene bar gjerne preg av at det låg noko under, noko usagt som skapte ei uro i teksten. I romanen «Mine fem år som far» uroar det usagte på ein annan måte, her saknar eg det som ikkje står.

Det vanlege og det uhyrlege

Tobarnsfaren Martin Havn får politiet på døra mens familien et makrell til middag. Tysdag er det fisk hjå Gina og Martin: Dette er ein familie der ting er på stell, og politiet verkar ekstremt malplasserte der deis it i stova og samtalar med Martin mens kone og barn blir verande bak den lukka kjøkendøra.

Det er snakk om seksuelt misbruk av ei jente på fire år. Denne jenta er dottera til Martins eks, ei kvinne han framleis besøker ope saman med kona, og skjult for å dyrke ein kjærleik som aldri har tatt slutt. Eit dobbeltspel der altså, men det er ein lang veg frå å ha sex med eksen til å forgripe seg seksuelt på dotter hennar. Det kløyvande spørsmålet, spørsmålet som motiverer heile romanen er: Kva fekk Martin til å gå denne vegen?

Kven er Martin?

Lesaren vil leite etter teikn i teksten som leier opp mot ugjerninga. Er det noko i forholdet til mor? Kva med det infantile kjærastspråket han og eksen skapte i tenåra, avslører det ein hang til seksuelle drifter retta mot barn? Kanskje, når ein første tenkjer over det. Men likevel, det heng liksom ikkje saman. På den eine sida har vi historia om Martin, ein ikkje perfekt mann som har sine gode sider. Forholdet mellom han og dei to sønene er skildra med stor innleving og konkrete detaljar frå bleiestadiet og oppover. Breiteig er dyktig til å skildre situasjonar og stemningar, tilforlatelege så vel som ulmande og ugreie.

«Mine fem år som far» kunne godt vore ein roman om dette: Ein mann som gjer så godt han kan, som seier opp jobben for å skrive på heiltid – noko han tydelegvis ikkje har talent til – mens kona tener bra i eit reklamebyrå og han tek mest av heimearbeidet. Spenninga kunne vore lagt til skrivinga, eller til utruskapen: Korleis vil Gina reagere om ho oppdagar at mannen og venninna hennar har seg på dagtid mens ho er på jobb?

Men historia inneheld også overgriparen Martin. Vi ser han knapt, men vi får del i noko av det som er rundt: Etterforsking, straff. Kva politiet spør etter. Kva fengselsopphaldet gjer med forholdet til kona og til sønene.

Eit fråver

Det går an å tolke dette fråveret på ulike måtar: Overgriparen berre gjer det han gjer utan å tenkje på det verken før, under og etter. Overgriparen har så sterke fortrengingsmekanismar at han knapt nok er i kontakt med den sida i seg som gjer dette. Overgriparen skjønar ikkje at dette er gale før nokon fortel han det. Det kan hende at ein overgripar kan vere slik. Likevel meiner eg det er noko som manglar i denne romanen. Eg forstår ikkje kvifor eg skal lære Martin å kjenne når verken Martin eller forfattaren let meg bli kjent med overgriparen Martin.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober