Vi menneske har alltid vore glade i å more oss, men av og til kan vi jo trenge litt hjelp til å setje i gang lattermusklane. Spesielt viss vi er i litt dårleg humør, eller ikkje kjenner oss heilt friske. Då er det supert om det kjem ein klovn på besøk. Klovnar har eksistert i mange hundre år, og jobben deira er å få oss andre til å le.
Humoristisk poliklinikk
På Bærum sykehus har dei noko som blir kalla for humoristisk poliklinikk. Der er det Kyrre Sæther som er sjef. Han er ein slags klovn som går omkring på sjukehuset og prøver å spre humor til pasientar og dei som jobbar på der. På det vesle kontoret sitt har han masse ulike kostymer, slik at han kan kle seg ut som det han vil, og han har også ei tralle full av artige ting, som for eksempel ein juksepistol, klovnenaser, ballonghelium og latterpiller. Kyrre kan rykke ut når som helst viss det er nokon som treng litt oppmuntring, og eg fekk lov til å vere assistenten hans for ein dag.
Frå programleiar til klovn på 1-2-3
Dei fleste kan trenge litt hjelp for å bli morosame. Ein ting som hjelp veldig er eit snålt kostyme. Eg fekk låne ei raud skumgumminase, ein krøllete parykk, ei stor sløyfe og ei rar skjorte. Vips var eg forvandla til klovn! Eg kjende nesten ikkje igjen meg sjølv då eg såg meg i speilet. Kyrre tok på seg kaninøyre, lange fortenner og den rosa kanindrakta si. No var vi klare til å få folk til å le.
Utrykning!
Markus treng litt klovneri - og eg stiller opp! Foto: NRK
Brått kjem det ei melding på personsøkaren til Kyrre. Det er tre unge pasientar i 2. etasje som treng litt klovneri. Vi styrtar av garde med humortralla mellom oss. På rommet ligg Christoffer, Tuva og Markus. Kyrre har mange triks for å lokke fram latter. Han ”transplanterer” klovnenase på mora til Christoffer, pustar inn helium og pratar med Mikke Mus-stemme. Vi festar ein heliums-ballong i tåa til Cristoffer, og gir alle latter-piller. Det er ikkje godt å vite om Tuva, Markus og Christoffer blei friskare etter at vi hadde vore på besøk, men det såg i alle fall ut til at dei vart i betre humør.
Det var ganske gøy å vere klovn, så derfor tok eg med meg ei klovnenase heim, slik at eg kan vere klovn når som helst når eg får lyst. Prøv du også!
Sjå Unni som klovn (ISDN/modem)
eller Unni som klovn (breiband)