Det er mange av oss som blir plaga av inneklimaet. Heile ein av fem personar opplev kvar veke ei eller anna plage på grunn av inneklimaet på kontoret.
Og kontorstolen er av dei verste.
Midd er fienden
Det er ikkje få ekle dyr vi finn i heimen og på kontoret. Og berre i kontorstolen din bur det midd, mykje midd.
- Der er blant anna midd, det er bitte små dyr som ser veldig stygge ut. Dei kan kome opp i lufta og ned i luftvegane, fortel lege og støvforskar Knut Skulberg.
Og det er ikkje få plagar du kan få av dette vesle dyret.
- Du kan oppleve plager frå nase, svelg og auge, og då blir du tett, irritert og du føler deg dårleg.
Desse helseplagene reduserast ofte når mengda av støvpartiklar på blant anna kontoret blir lavare.
Den er overalt
Golvet kan vere skinnande blankt og du trur det er reint, men du lurar berre deg sjølv, det er nok meir som skal til.
På blant anna gardiner og stolsete finn ein skjulte lagringsplassar for støv og skitt. Dei verste støvbombene får ofte vere i fred.
- Vi ser ikkje det meste av støvet rundt oss, men vi merkar berre symptoma, fortel Skulberg.
Fjern midden
Om du slår på kontorstolen din, kjem det nok kanskje ei lita sky av blant anna midd opp frå stolen din, men dette gjer berre til at du pustar den inn og resten går tilbake til stolen, så dette er det lite hjelp i.
- Ta med stolen ut i kulda, fordi då drep du midden, og etterpå støvsugar du stolen, det er tipset til Skulberg.
På heimebane
Hos dei fleste av oss kjem det meste av støv og skitt frå matlaging, men reingjering og tørking av tøy kjem på ein fin andreplass.
- Matlaging, og om det i tillegg blir røyka i heimen så er det ein veldig stor støvproduksjon. Vasking og tørking av tøy gjer til at det blir fuktig, som igjen fører til større støvmengde, fortel Skulberg.