Hopp til innhold

MGPjr.-Ramm: – Vi hadde neppe fått delta i år

Programleiar Nicolay Ramm var med å vinne den første MGPjr.-finalen med To små karer for femten år sidan. Men i dag hadde vinnerlåta truleg blitt sensurert.

En av årets programledere, Nicolay Ramm, forteller om hvordan MGP jr har utviklet seg siden han var med som barn selv.

Nicolay Ramm var den første vinnaren av konkurransen i 2002. Mykje er endra sidan då.

I år er det Nicolay Ramm og Mikkel Niva som skal leie Melodi Grand Prix junior. Konkurransen har flytta frå Oslo Spektrum til den største konsertsalen i Noreg, Telenor Arena.

For 15 år sidan vann Ramm saman med Christoffer B. Clausen den første utgåva av MGPjr. som rapduoen To små karer med «Paybacktime». Mykje har forandra seg i løpet av desse åra.

– Vi var i Oslo Spektrum, men dei brukte berre ein liten del av salen. Her bruker vi heile arenaen. I dag er det mykje meir opplegg rundt også. Deltakarane blir sendt på leirskule for bli betre kjent, og dei har lærarar som gir råd om både song og dans.

Og låten han vann med i 2002 hadde neppe nådd opp i år, trur Ramm.

– Teksten var altfor grov. Vi hadde neppe fått lov å framføre ein slik tekst i dag. Men den gongen var alt så nytt, så eg trur ikkje dei hadde tid til å gå gjennom tekstane våre.

Må pugge tekst

Programleiarane har rundt 30 sider manus dei skal igjennom før laurdag. Og sjølv om dei har kort med stikkord, må dei lære seg teksten utanåt. Det blir ei utfordring for Mikkel Niva.

– Eg driv med improteater fordi eg ikkje likar å pugge. Men eg forstår at vi må ha nokre faste rammer i ein så stor produksjon som dette.

Programlederne Mikkel Niva og Nicolay Ramm forklarer hva som skjer med låtene til artistene i MGP jr.

Mikkel Niva og Nicolay Ramm fortel korleis låtene i MGP jr blir til.

Men i eit så stort og direktesendt tv-show er det mykje som kan gå gale. Og dersom uventa ting skulle skje, er programleiarane klare.

– Vi skal nok kunne ta ting på sparket om det blir naudsynt. Det er vel også difor dei har valt Nicolay og meg, seier Niva.

Mindre alvor

Konkurranseelementet i MGPjr. har blitt mindre med åra. No blir det lagt meir vekt på det sosiale rundt arrangementet. I tillegg er måten vinnaren blir kåra på, annleis enn det var i 2002, då Nicolay Ramm vann:

– Då hadde vi eit poengsystem slik at alle låtane blei plassert frå første- til sisteplass. No les vi opp dei fire låtane som går til superfinalen, og så les vi opp vinnaren.

Programlederne Nicolay Ramm og Mikkel Niva snakker med Magnus som skal synge låta «Alt er herlig» i MGP jr.

Magnus skal synge først i MGP jr.

I år blei det sendt inn over 1255 bidrag til konkurransen. Etter ei siling, står vi igjen med ti artistar som skal framføre sine sjølvlaga låtar på direktesendt fjernsyn.

Fleire av dei som har delteke i konkurransen tidlegare, har gått vidare og fått artistkarrierar. Atle Pettersen, Agnete Johnsen, Lido og Marcus & Martinus er nokre av dei som har starta her.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)