Hopp til innhold

MGP-klubben er kritisk til juryordninga i Eurovision Song Contest

Presidenten i den norske Grand Prix-klubben, Morten Thomassen, meiner EBU bør vurdere å gi fagjuryane mindre makt i Eurovision Song Contest. Men EBU seier det er uaktuelt å endre dagens ordning.

Morten Thomassen

President Morten Thomassen i den norske Grand Prix-klubben meiner EBU bør vurdere å endre maktforholdet mellom folkejuryane og fagjuryane.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sidan 2009 har ein fagjury avgjort Eurovision Song Contest saman med telefonstemmer frå folket. Fagjuryen og folkejuryen har telt like mykje.

Men i 2016 splitta EBU opp poengsummane i fagjurypoeng og folkejurypoeng. Målet til kringkastingsunionen var blant anna å gjere konkurransen meir spennande. Det viste seg at ekspertane og folket i mange tilfelle hadde svært ulik musikksmak.

Laurdag låg det norske bidraget til ESC, Keiino med «Spirit In The Sky», på ein 15.-plass med 47 poeng etter at fagjuryane hadde sagt sitt. Men blant publikum var låten ein storfavoritt, og fekk totalt 291 poeng. Det førte trioen til ein femteplass til slutt.

Sverige, som var favoritten til fagjuryane, sanka få telefonstemmer, og falt til ein sjetteplass etter at folket hadde sagt sitt.

Nederlandske Duncan Laurence, som vann konkurransen laurdag, var nummer to både hos fagjuryane og folkejuryen.

– Bør vurdere maktforholdet

Avvika mellom folket og ekspertane i år har sett i gang ein debatt blant ESC-fansen. Enkelte meiner fagjuryordninga bør avviklast eller at dei bør få mindre makt.

Ein av dei som meiner EBU bør vurdere dagens ordning er presidenten i den norske Grand Prix-klubben, Morten Thomassen.

– Det er litt spesielt at dei som sit i fagjuryane, som skal bestå av profesjonelle folk, har så liten teft på enkelte låtar at dei bommar så totalt. Samtidig er det ein del songar som slår godt an i fagjuryane som nesten ikkje får poeng hos folket.

Men i staden for å skrote fagjuryane heilt, ønsker han heller eit endra maktforhold mellom dei to juryane.

– Fagjuryane burde kanskje telje mindre enn folkejuryane. Då fekk dei som faktisk bruker pengar på å stemme meir makt enn dei som kanskje får betalt for å gjere jobben.

Også Tom Hugo Hermansen i Keiino er kritisk til fagjuryen, og seier til VG at det kanskje er på tide å skrinlegge heile ordninga.

– Det har jo alltid vore mange rykte om jurymedlemmar som blir bestukne og slikt, og det er så dumt. Så ordninga verkar unødvendig. Eg trur det kanskje vil bli ein ordentleg debatt om dette no.

Live fra firnalen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.

Live fra firnalen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.

Avviser endringar

SWITZERLAND-UKRAINE-RUSSIA-POLITICS-EUROVISION

Sjef for Eurovision Song Contest, Jon Ola Sand, seier dei er godt nøgde med jurysystemet slik det er i dag, og at det er lite sannsynleg at det blir endra.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

Men det er lite sannsynleg at det blir ei endring av jurysystemet med det første. Eurovision-sjef Jon Ola Sand seier til NRK at dei er godt nøgde med det systemet som er i bruk no.

– Denne diskusjonen kjem kvart år. Vi ser ingen grunn til å gå bort frå juryordninga. Og vi meiner 50–50 er ei god løysing. Då får ein både ei fagleg vurdering av musikken, og folket får sagt sitt. Vi ser at det har vore ei fagleg heving av musikken etter 2009 då denne ordninga blei innført.

Er de ikkje redde for at ESC skal miste fotfestet i folket?

– Nei, det fryktar vi ikkje. Vi forstår at Keiino er skuffa, og det er bra med debatt, men vi meiner vi har ei god ordning no.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober