Hopp til innhold

MGP-ekspert: – Tix er på mange måtar den nye Jahn Teigen

Tix sitt MGP-bidrag blei grilla av mange. Men trass alt vann han hjartet til folket. – Det er ikkje heilt uvanleg at folk som blir slakta, vinn konkurransen, seier MGP-ekspert.

Jahn Teigen og Tix på scena under Melodi Grand Prix

Avdøde Jahn Teigen blei ikkje godt likt av det etablerte i musikkbransjen i starten av karrieren. Som Tix, fekk han mykje motgang.

Foto: NRK

Då norske musikkmeldarar fyrst fekk høyre Tix sitt MGP-bidrag «Ut Av Mørket», gav dei han slakt.

Dagbladet gav låten terningkast ein og skribenten Anders Grønneberg avslutta meldinga med at:

«Eg skat ete Tix-pannebandet, på ei seng av knuste glasskår frå brillene hans, dersom han vinn MGP-finalen.»

Også NRK gav han ein einar og kalla låten reinspikka søppel og sa at den knapt fortente å bli lytta til to gongar. I VG viste terningen to. Trass i sterkt motvind stakk Tix av med sigeren under MGP-finalen i helga.

Her kan du sjå Tix framføre vinnarlåten «Fallen Angel». Han omsette låten «Ut Av Mørket» til engelsk for å vere betre skodd for Eurovision.

To provokatørar

Tix vart fyrst kjent som artisten bak dryge russelåtar som «Sjeiken 2015» der ei av linjene i refrenget er: «Og i kveld er det lov å være hore» og «Banken 2018» der han mellom anna syng denne linja:

«Drar på rulling med svømmeringer, bader i fitte og pengebinger.»

Anders Tangen, som er MGP-kjennar, ser likskapar mellom Tix og den avdøde artisten Jahn Teigen, som var ein svært kjend artist i det norske MGP-miljøet.

Anders Martinius Tangen

MGP-kjennar Anders Tangen ser likskapar mellom Tix og Jahn Teigen.

Foto: Privat

– Jahn Teigen starta å provosere med den musikalske underhaldningsgruppa Prima Vera og han reiste rundt og sat på toalett i butikkvindauge under turneen Teigens toalett, seier Tangen og held fram:

– Han gjorde gjerne narr av kongen også og var ein punkar som dei etablerte ikkje likte. Han fekk slakt.

Grein på TV

Både Tix og Jahn Teigen starta litt på same staden forklarer Tangen.

Jahn teigen (1979)

Jahn Teigen i 1979.

Foto: Kåre Eide

– Teigen fekk slakt og så gav han ut albumet «This Years Looser» og i 1978 grein han på TV og snakka om kor glad han var i mora si i programmet «Si det som det er».

Ifølgje Tangen førte dette intervjuet til at Teigen blei ein laurdagsunderhaldar som blei likt av alle.

Og han meiner at historia til Tix er veldig lik. Før MGP-finalen fortalde Tix openhjarta om sjølvmordstankar og einsemd i Lindmo.

TIX MGP

Tix blei rørt til tårer då han vann i den norske MGP-finalen.

Foto: NRK

– Eg trur ikkje at Tix hadde skrive om fitter og horer no. Han har hatt ei reise, og som han sa sjølv, har han gått frå å vere den stygge andeungen til å bli ei svane.

MGP-kjennaren meiner at mange stemte på Tix på grunn av sympati og han forklarer at artisten har blitt ein folkeven etter at han våga å opne opp om dei vanskelege tankane.

– Eg er ikkje ein stor fan av låten, men eg har stor respekt for han som entertainer.

Ei David/Goliat-historie

Dette seier Tix, eller Andreas Haukeland, to dagar etter sigeren:

– Det er ei historie om David og Goliat. Det er folket mot musikkeliten. Eg føler meg som Askeladden liksom. Og so har det norske folket bestemt at eg skal representere landet. At eg skal sigre mot musikkmeldarane.

For Tix viser dette at hans bidrag tel og at han har noko å seie.

På Instagram har over seks tusen likt eit innlegg der det står « Jeg støtter Tix» og mange har delt innlegget som profilen Fysiohilde har lagt ut.

Musikkmeldaren til Dagbladet, Anders Grønneberg var svært krass i si melding av vinnarlåten og skreiv: «At sjølv om ein million fluer likar drit, betyr ikkje det at drit er bra».

Men han seier også at han synest det er greitt at Tix speler på personlege opplevingar, og seier at det er sunt å snakke om psykisk smerte.

– Men sjølv om Tix har ein stor, ung fanskare, så trur eg at han har fått mange sympatistemmer.

– Han får meg til å smile

Tidlegare programleiar i P3, Christine Dancke synest at Tix har ei sterk historie og at han i tillegg er ein god låtskrivar og produsent, som det er vanskeleg å ikkje heie på.

På Twitter skreiv ho «Ok, blei rørt av Tix.».

– Tix får meg til å smile eller danse oftare enn han får meg til å grine, og historia hans rører meg.

SLUTTER: – Den største utfordringen blir å ikke være så opptatt, sier Christine Danck.

Christine Dancke synest det er vanskeleg å ikkje heie på Tix.

Foto: Jonathan Vivaas Kise / NRK

Kvifor trur du at han stakk av med sigeren trass i dei låge terningkasta?

– Eit terningkast er berre ein person si subjektive meining og har lite å seie for kva andre enn meldaren tenker om musikken. Eg meiner Tix og Keiino leverte best på scena på laurdag, og det reflekterer stemmetala. I valet mellom to gode låtar er det ikkje overraskande at den som er mest sårbar og lettast å «kople seg på» vinn. Eg stemte sjølv to gonger på Tix og ein gong på Keiino.

I dag spelte Tix inn ein musikkvideo som er hans bidrag til Eurovision i Rotterdam, om han ikkje får lov til å reise ned. Då står det berre att å sjå korleis det går med Tix når han skal kjempe mot resten av Europa.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.