Hopp til innhold

Mesterverket

Romanen "Mesterverket" handlar om meisterverk, men er ikkje eit meisterverk sjølv.

Kvart år dukkar det opp internasjonale bestseljarar som sensasjonelt nok er forfatta av debutantar. Første sensasjon ut i år er Miranda Glover og romanen "Mesterverket".

Miranda Glover har ein veldig god idé. Ho skaper ein kunstnar som blir ramma av idétørke på det verst tenkelege tidspunktet. Esther Glass er ung og lovande konseptkunstnar, plukka ut til å representere Storbritannia på ei prestisjetung, internasjonal utstilling. Esther jobbar med såkalla ”shock-factor-art” og veit at her må ho toppe det ho har gjort før for å auke sjokkfaktoren og sin eigen verdi i marknaden. Både ho sjølv og agentkjærasten Aidan er i ferd med å få den store panikken, men så kjem idéen:

Foto: Damm forlag

”Det var det mest sensasjonelle forslaget jeg noen gang hadde hatt. Jeg skulle få Aidan til å auksjonere meg bort, å legge meg ut for salg, som et levende, pustende stykke kunst. Jeg var jo utøvende kunstner, når alt kom til alt. Ansiktet mitt var like berømt som arbeidet mitt: Når det kom til stykket, så var det jo det som faktisk var min form for kunst.” (s. 40)

Høg kilopris

Så Esther legg seg sjølv under hammaren på Sotheby’s kunstauksjon, og kjøparen skal få eige henne i ei veke, noko som skaper blanda kjensler hjå Aidan. Kuratoren i han ser store pengar, medan kjærasten Aidan er skeptisk. Og dermed er vi inne i ein karusell som får identitet og kjærleik og kunst og kapital til å sirkulere rundt og skape kaos i sjela og i byen.

Forfattar Glovers idé er god. For gjennom Esther sitt ville prosjekt får ho kasta eit kritisk blikk på tendensar innanfor den moderne kunstscenen, der det kan vere eit ope spørsmål om det er namnet eller kunstverket som har verdi. Skiljet mellom det geniale og det banale kan vere vanskeleg å finne når det ikkje lenger handlar om godt handverk eller vakre gjenstandar, men om konsept, altså idéar som har fått ei synleg form.

Dermed blir dei som sit med definisjonsmakta viktige. Kritikarar, agentar, galleristar og andre må i aksjon for å ”lade opp” ein kunstnar slik at rike samlarar skal overby kvarandre. Glover set det heile på spissen, og i tilfellet Esther hjelper skandalepressa godt til. Kunstnaren får høg kilopris for seg sjølv, men det å by seg fram som ei vare har nokon konsekvensar som Esther ikkje hadde tenkt over.

Manglar handverket

Det kan hende den gode idéen kan berge ein konseptkunstnar. Men ein forfattar må ha meir enn ein god idé - ho må ha eit språk, ei evne til å skape spenning og framdrift, ho må greie å avslutte historia med ein viss stil, og ho må ha eit lag med å skape personar som interesserer lesaren. Her strevar skaparen av Mesterverket. Og igjen spør eg meg sjølv: Kva kjem det av at vi stadig støyter på talentfulle debutantar som er ”lada opp” til å bli internasjonale bestseljarforfattarar før dei for vel har lært seg handverket?

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP