Hopp til innhold

Møtte sin store helt i «Mesternes Mester»

MALLORCA (NRK): For Kine Olsen Vedelden (23) vart deltakinga i «Mesternes Mester» nesten som ein draum. Under innspelinga fekk ho nemleg dele rom med sitt aller største idol.

Kine Olsen Vedelden og Karina Hollekim

FANN TONEN: Cheerleaderen Kine Olsen Vedelden (23) er stor fan av basehopparen og friskikøyraren Karina Hollekim (42). Under innspelinga av «Mesternes Mester» i sommar budde dei på samme rom.

Foto: arne sørenes / nrk

Det blir mykje hygge og god stemning når det i kveld er premiere på den tiande sesongen av den populære underhaldningsserien «Mesternes Mester». Tidlegare idrettstjerner møter kvarandre til vennskapleg kappestrid i sydlege strok, og i år går turen til den spanske ferieøya Mallorca.

Programleiar Dag Erik Pedersen lovar ein sesong full av omsorg og varme:

Dag Erik Pedersen

PROGRAMLEIAR FOR TIANDE GONG: Dag Erik Pedersen på location på Mallorca sommaren 2018. Han lovar ein sesong full av spenning, kjærleik og omtanke.

Foto: Arne Sørenes / nrk

– Sesongen i år er prega av varme menneske som knyter tette band og viser kvarandre mykje kjærleik. Så det blir svært høg «feelgood-faktor» som vi seier på TV-språket.

Pedersen legg til at deltakarane i år kanskje ikkje er på rekordjakt i kvar einaste øvelse:

– Men gudane skal vite at dei gjer så godt dei kan, altså. Vi er utruleg stolte av denne sesongen her.

Stor fan av Karina Hollekim

Kine Olsen Vedelden er dotter til fotball-legenda Egil «Drillo» Olsen, og Norges fremste utøvar av ein heilt ny idrett i «Mesternes Mester»; nemleg cheerleading. Då ho la opp 21 år gammal, hadde ho både eitt VM-gull og sju EM-gull i medaljeskapet.

Karina Hollekim var ein av dei fremste basehopparane i verda, og den første kvinna som hoppa base med ski på beina. Etter ei alvorleg ulykke i 2006 sa legane at ho truleg aldri kom til å kunne gå igjen.

Føling i fjæra

FØLING I FJÆRA: Kine Olsen Vedelden og Karina Hollekim i ein samtale under opptak til «Mesternes Mester».

Foto: arne sørenes / nrk

No er ho altså med i «Mesternes Mester», og bur på rom saman med handballstjerna Karoline Dyhre Breivang, og ikkje minst Kine Olsen Vedelden, som altså er ein av hennar største fans:

– Om eg vart starstruck då eg møtte Karina? Ja, eg er starstruck framleis eg når eg ser Karina, ler Kine Olsen Vedelden.

For etter å ha lese boka om Karina frå 2011, og sett fleire filmar om henne, kunne Kine fortelje fleire detaljar enn Karina hugsa frå eige liv då dei møttes første gongen:

– Eg vart jo veldig overraska, men ho var så god på måten ho fortalde det på, seier Karina Hollekim når NRK møter begge deltakarane i «Mesternes Mester-huset» midt under innspelinga sist sommar.

– Eg gjekk rett inn i storesøstermodus med ein gong, eg då.

GOD STEMNING i MM-HUSET: Sjå det første møtet mellom Kine og Karina her. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK.

Mange sterke konkurrentar

Kine og Karina får med seg desse tidlegare idrettsstjernene i deltakarhuset ved Puerto Pollensa nord på Mallorca:

  • Karoline Dyhre Breivang (38), håndball
  • Ann Kristin Flatland (35), skiskyting
  • Hanne Haugland (50), høgdehopp
  • Tom Hilde (30), skihopp
  • Glenn Solberg (46), handball
  • Pål Anders Ullevålseter (49), motorcross og enduro
  • Ole Martin Årst (43), fotball
  • Lars Berger (39), skiskyting og langrenn
Mesternes mester 2019

DELTAKARNE I SESONG 10 AV «MESTERNES MESTER». Bak frå venstre: Glenn Solberg, Ann Kristin Flatland, Hanne Haugland, Ole Martin Årst, Kine Olsen Vedelden, Karina Hollekim, Tom Hilde. Foran fra venstre: Lars Berger, Karoline Dyhre Breivang og Pål Ullevålseter.

Foto: Toke Riskjær / Rubicon TV/NRK

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP