Anmeldelse

Faye har gått lei

Det som var friskt og nytt i første bok i «Omriss-trilogien», verkar som repetisjonar i tredje bok. Så brutal er verda.

Rachel Cusk, forfatter

Rachel Cusk har no fullført den kritikarroste «Omriss-trilogien». Siste romanen, «Kudos», slit med å halde det høge nivået frå dei to første romanane.

Foto: Siemon Scammell-Katz

Den britisk-kanadiske forfattaren Rachel Cusk skapte eit nytt og friskt romankonsept med «Omriss». Her let ho forfattaren Faye fly til Aten for å halde skrivekurs. Allereie på flyet kjem ho i prat med ein kar som har mykje på hjartet.

«Kjem i prat med» er forresten ikkje heilt presist; Faye er nemleg ikkje den som let skravla gå. Ho lyttar. Heile romanen er ein serie av personlege historier fortalt av folk ho ikkje kjenner, hennar eiga rolle er å vere det tynne, men nødvendige limet mellom alle historiene. Same konsept går att i roman to, «Transitt» og i årets roman: «Kudos».

Forskjellen mellom dei tre ligg i nyansane.

Blunk til meg, Faye!

«Kudos» opnar med ei flyreise og ein mann i nabosetet som legg ut. Vi har vore der før. Så skal vi på litteraturfestival. Der har vi også vore før. Det nye denne gongen ligg først og fremst i tonen, som verkar skarpare og mindre forsonleg enn før. Der Faye gav mannen på flyet til Aten motførestillingar og tvinga han til å ta ekskonas perspektiv, let ho denne gongen folk køyre på og kome unna med meir einstrenga historier. Der handverkarane som pussa opp huset i del to hadde forsonande trekk, er det mindre sympati å spore denne gongen.

Resonnementa til alle dei plaga sjelene er til tider så intrikate at dei misser interessa. Det fine hintet, det umerkelege blunket frå Faye til lesaren når nokon har rodd seg langt utpå, ser eg lite til i «Kudos».

Kjølig, ned mot kynisk

Noko av det eg fall for i «Omriss»var nettopp balansen mellom det nøkterne, analytiske på den eine sida, og det usentimentale men likevel gripande på den andre. Trass alt. Denne gongen vippar historiene oftare i retning kynisme.

Cusk-Kudos.indd

Når det er sagt: Språket er presist og portretta er til tider kostelege. Og det røskar jo godt når folka eksponerer dei mørke sidene av kjenslespekteret sjalusi, hemn, egosentrisitet og skadefryd med stort frimot, det gjer jo det.

Dei meir resignerte refleksjonane kring livsval og lagnad gjev rom for ettertanke. Som her: «Det kan jo være slik, sa hun, at først når det er for sent å flykte, oppdager vi at vi har vært frie hele tiden». Tygg på den dyrt kjøpte innsikta frå ei gammal dame.

Alle trilogiar ber på ei innebygd forbanning: Kva ny bok må vere betre enn den førre for å halde høgda. «Kudos» er ikkje ei dårleg bok, men ho greier ikkje å innfri forventningane dei to første bøkene skapte.

Passar for deg som

  • har lese «Omriss» og «Kudos»
  • Har sans for velskrivne, lett kyniske portrett

Kulturstrøm

  • Vil fjerne mugg fra Hamsuns bøker

    Stiftelsen Nørholm har søkt Kulturdepartementet og Aust-Agder fylkeskommune om til sammen 2 millioner kroner til å sette i stand bøkene i Knut Hamsuns arbeidsbibliotek i dikterstua på Nørholm. Bøkene må muggsaneres og katalogiseres.

    Knut Hamsun
    Foto: Scanpix