- TITTEL: Berge
- FORFATTAR: Jan Kjærstad
- FORLAG: Aschehoug
Fem familiemedlemmer blir brutalt slakta ned på hytta ei sommarnatt. To av dei, far og dotter, var profilerte arbeiderpartipolitikarar. Kven står bak?
Tre personar får kome til orde med sine historier: Ein kvinneleg journalist som dekkjer saka, dommaren som skal døme den tiltalte, og sist men ikkje minst: den tiltalte sjølv.
Den perfekte mordaren
Ein mann blir nemleg stilt for retten. Det finst indisium, men ingen bevis og ikkje særleg klare motiv heller. Saka – som går i sal 227 – er altså bygd på eit vesentleg meir usikkert grunnlag, enn saka etter 22.7.
Og det er her, i det usikre, at romanen set inn med full stryke. For aktor må byggje opp ei historie som står til truande. Det same må forsvararen. Sistnemnte har ein vesentleg tyngre jobb, ettersom alle er sikre på at Nicolai er skuldig. Den mislykka arbeidarpolitikaren og like mislykka forfattaren har gjort det. Nokre år tidlegare hadde han jo eit forhold til den unge og vellykka arbeidarpolitikaren Gry, eitt av offera. Han var også sterkt kritisk til utviklinga i ap på bloggen sin.
Både i retten, i media og i folkedomstolane framfor dei tusen fjernsynsapparat blir det smidd historier der alt passar inn: Den ganske tilbaketrekte unge mannen er den perfekte mordaren.
Kunsten å så tvil der alle trur
«Berge» er ein spennande og insisterande roman om tvil, håp og kjærleik.
Foto: AschehougDet blir opp til dommaren å vurdere om aktor og alle vitna har greidd å setje saman ei overtydande historie. Og det har vore opp til forfattaren å skrive historia om alle historiene på ein måte som fengslar lesaren.
Både dommar Malm og forfattar Kjærstad løyser oppgåva på ein utmerka måte.
Rettnok hevdar dommaren at «Mitt eneste talent var å holde min talentløshet skjult», men det viser seg at han har øvd lenge på ei ekte kjærstadsk dygd: nemleg å prøve å sjå ting frå andre vinklar for å oppdage nye sider og alternative forståingsmåtar.
Dette fører han til dei neglisjerte novellesamlingane til Nicolai, som igjen får han til å revurdere stempelet den unge mannen har som «mislykka». Her har kritikarar og lesarar oversett perler. Dette inspirerer i sin tur lesaren til å revurdere den – i eigne auge – talentlause dommaren, for ikkje å snakke om den – i eigne auge – avblomstra kvinnelege journalisten som opnar romanen.
Alle tre må bli sett av andre med eit ope og fordomsfritt blikk for å bli klar over eigen verdi. Dei er prisgitt den dømmande og livgivande makta som heiter fellesskapet, ei makt som er truga frå mange kantar i det verdsomspennande neokapitalistiske imperiet vi nordbuar er ein liten del av ifølgje dommaren.
Mordsaka blir eit prisme som forfattaren studerer samtida gjennom. På same tid studerer han sjølve historieforteljinga, denne livsnødvendige aktiviteten som kan bli tilsvarande livstrugande dersom ein ikkje opnar for ulike tolkingar av materialet.
«Berge» er ein spennande og insisterande roman om tvil, håp og kjærleik under neokapitalismen. Eg er sanneleg ikkje sikker på kven som er størst av tre. Men eg er sikker på at Kjærstad har skrive ei av sine viktigaste romanar.
- Flere anmeldelser fra NRK:
«Den dunkle dottera» av Elena Ferrante:
«Kors på halsen. Sannheten om Sylvi Listhaug» av Mathias Fischer:
«Den som ser» av Herbjørg Wassmo: