Har du Urørtprofil og trur du klarar å halde koken på scena i minst ein halv time, då er dette noko for deg. Søknadsfrist 15. desember.
Zoom er ein live-konkurranse der Norges beste nye liveband blir kåra i februar 2009. Det er mange har starta sin karriere med Zoom, og Ida Maria, Heroes & Zeros, The Beautiful People (120 Days), Surferosa, Ricochets, Silver, The Jessica Fletchers, Furia, Helldorado, Sigh & Explode og Gerilja er alle tidlegare Zoom-vinnarar.
Stor Norgesturné i mars
Zoom-vinnaren slår seg saman med Urørtvinnaren som blir kåra i januar og saman får dei resie land og strand rundt for å spele konsertar.
Zoom/Urørt-turnéen startar i mars og dei to vinnarane skal innom: Blæst i Trondheim, Kaos i Tromsø, Garage i Oslo, Checkpoint Charlie i Stavanger, Charlies i Kristiansand og Hulen i Bergen.
I tillegg blir eit lokalt Urørtband plukka ut til å spele med dei to vinnarane på kvar stad.
Ny arrangør
Norsk Rockforbund tar i over styringa av Zoom-konseptet fra Norgesnettet, og med på laget har dei Øyafestivalen. NRK P3 er samarbeidspartner på turnédelen.