Hopp til innhold

Nesten sju meter høgt Jesusbarn liknar på Phil Collins

Ei meksikansk kyrkje har reist ein nesten sju meter høg statue av Jesusbarnet. Mange meiner han liknar mest på 80-talsstjerna Phil Collins.

Statue av Jesusbarnet i Mexico

SOMETHING HAPPENED ON THE WAY TO HEAVEN: Statuen med den fyldige hårmanken skal vere den største i verda som framstiller Jesusbarnet. Og kanskje også den største av 80-tals-Phil Collins.

Foto: La EpifanÍa del Señor

Den over 6,5 meter høge og over 900 kilo tunge statuen av skulptøren Roman Salvador, er ifølgje kyrkja La Epifanía del Señor i den meksikanske staten Zacatecas den største statuen i verda av eit Jesusbarn.

Men sjølv om den enorme statuen kan vere imponerande i seg sjølv, er det likskapen med Genesis-frontmann Phil Collins på 1980-talet som har gjeve statuen mest merksemd.

Phil Collins under Live Aid i Philidelphia

I CAN FEEL IT COMING IN THE AIR TONIGHT, OH LORD: Phil Collins har førebels ikkje kommentert den meksikanske statuen som har fått stor merksemd i sosiale medium. Her er han på scenen under Live Aid-konserten i Philadelphia i 1985.

Foto: FRANK MICELOTTA / AFP

Fleire nettaviser har omtalt saka. Blant dei er New York Post, Rolling Stone og Daily Mail. Og mange brukarar på sosiale medium kunne heller ikkje dy seg då dei fekk sjå kunstverket.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Andre brukarar meiner statuen også liknar på skodespelaren Nicolas Cage.

Laster Twitter-innhold

– Ikkje meininga

Den meksikanske kyrkja har no søkt om å få kome i Guinness rekordbok for å ha verdas største statue av eit Jesusbarn. Men ifølgje den lokale presten Rodriguez Rodriguez var det ikkje meininga at det skulle bli slik.

– Eg bestilte ei statue på om lag 6 meter, men eg tenkte aldri på at vi ville ha verdas største Jesusbarn.

Men likskapen til Phil Collins skal han ikkje hatt nokon kommentert til, ifølgje New York Post.

Avisa har heller ikkje fått svar frå Collins på kva han synest om den enorme statuen.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)