Fleire og fleire av oss lever no utan ein livspartnar. Det vitnar tal frå Statistisk Sentralbyrå om som seier at 1 av 3 no er einslege. Turid Noack er forskar ved statistisk sentralbyrå, og har saman med Ane Seierstad skrive den ferske rapporten ”Heller jeg enn vi?”, som altså viser at det heller er jeg enn vi, dersom ein ser på det høge talet på single.
Forskarane meiner at det er folk som står mellom to forhold som hovudsakleg står for auken, og ikkje nødvendigvis slike som Ally McBeal, som gjennom TV-serien har vore med på å skape myten om ei vaksen, trendy og sjølvstendig singel kvinne, som velger seg bort frå forpliktelsar og lever livets glade dagar.
Hør Andrea Kvamme Hagens innslag her.