Meiner kong Haakon spelte ei viktig politisk rolle

– Kong Haakon brukte kongemakta til å påverke norsk politikk i etterkrigstida, seier Tor Bomann-Larsen. Tysdag presenterte han det åttande og siste bindet i biografiserien han har skrive om kongen.

Tor Bomann-Larsen lanserer det åttende og siste bindet i biografiserien om kong Haakon.

Tor Bomann-Larsen er i mål med biografiverket om kong Haakon. I det åttande og avsluttande bindet handlar om dei siste åra med kong Haakon på trona.

Etter 20 år har Tor Bomann-Larsen sett punktum for biografiverket «Haakon og Maud». I det åttande og avsluttande verket handlar om tida etter at kong Haakon kom tilbake til Noreg i 1945 etter åra i eksil under krigen, og fram til han døydde i 1957.

Tor Bomann-Larsens åttende bind om kong Haakon.

Det avsluttande bindet har fått tittelen «Kongen».

Det avsluttande bindet har fått tittelen «Kongen».

Her kjem det blant anna fram at kong Haakon spelte ei viktig rolle politisk i etterkrigstida. Men Bomann-Larsen meiner kongen la grunnlaget allereie i mellomkrigstida då Arbeidarpartiet fekk regjeringsmakt i 1928.

– Dette trekket var lite då det skjedde. Kong Haakon skriv at det handla om å kome ein halvtime før Mowinckel. «Han ville sagt det same som Venstres formann. Då hadde Venstre fått æra, men Venstre kan ikkje samle eit land!», sa Bomann-Larsen under lanseringa tysdag.

Heimkomsten

Då kong Haakon steig i land på Rådhuskaia i Oslo 7. juni i 1945, skal han ha vore forundra over å gjensynet med folket. Fem år tidlegare hadde han blitt beden om å abdisere av presidentskapen på Stortinget. No var han tilbake som ein folkekonge.

– Han var forsonande overfor presidentskapen som hadde bede han om å gå av. Men han forstod at det var situasjonen som gjorde at dei hadde bede om det, og ikkje dei personleg, seier Bomann-Larsen til NRK.

Oslo 7. juni 1945. Kong Haakon kommer hjem til Norge etter 5 år i England.

Då kong Haakon steig i land i Oslo 7. juni 1945, blei han møtt av tusenvis av jublande nordmenn som ønskte han velkomen heim etter fem år i eksil.

Foto: Scanpix / Scanpix

I etterkrigstida blei det viktig for kong Haakon å samle det norske folket. Og då det skulle dannast ny regjering, var det viktig for kongen at denne hadde eit så breitt fundament som mogeleg. Det førte også til at kommunistane blei med.

Kirsten Hansteen var Noregs første kvinnelege regjeringsmedlem, og representerte Norges Kommunistiske Parti. Ho besøkte kongen på Slottet til langt opp på 50-talet, seier Bomann-Larsen.

– Kongen meinte den norske pressa ikkje dekka den kommunistiske fredsrørsla på ein objektiv måte. Difor ønskte han at fru Hansteen skulle orientere han personleg.

Meiner kongen blei feilbehandla

I 1955 blei det feira at det var gått 50 år sidan unionsoppløysinga med Sverige. Blant gjestane som kjem til Noreg er dronning Elizabeth av England, som er på si første utanlandsreise som dronning.

To dagar etter at den britiske dronninga har reist, ramlar kong Haakon på badegolvet Bygdøy, og hamnar på sjukehus med lårhalsbrot.

– Kongen blir liggande på Rikshospitalet i månad etter månad, og han blir ikkje operert. Og han kjem seg aldri på beina igjen. Eg spør meg om kongen vår blei feilbehandla. Dette har vore ein diskusjon som har gått i medisinske krinsar sidan den gongen. For lårhalsbrot blei operert med gode resultat på den tida, seier Bomann-Larsen.

Statsbesøk dronning Elizabeth i 1955

Dronning Elisabeth kom på statsbesøk i 1955. To dagar etter at ho hadde reist, fall kong Haakon på badegolvet på Bygdøy og braut lårhalsen.

Foto: NTB scanpix

Nekta å abdisere

Etter kvart kom spørsmålet om kongen burde abdisere, og overlate krona til kronprins Olav i staden. Kong Haakon hadde leika med tanken nokre år tidlegare, men då kronprinsesse Märtha døydde, blei det vanskeleg.

Og når han no var sengeliggande, blei det umogleg, seier Bomann-Larsen til NRK.

– Folket hadde aldri forstått om han hadde abdisert etter fallet. Han hadde blitt for stor, han var blitt eit symbol. Og eit symbol kan ikkje abdisere.

Båren til kong Haakon fraktes ned Karl Johan i Oslo 1. oktober 1957

Båra med kong Haakon blir køyrd nedover Karl Johan. Han døydde 21. september, og blei gravlagd i Det kongelege mausoleum på Akershus slott i Oslo.

Foto: SCANPIX / SCANPIX

Difor var han konge heilt til han døydde 21. september 1957.

– Kong Olav gjorde det same, sjølv om han måtte gi frå seg regentskapen då han blei dårleg på slutten, og kong Harald har sagt at han vil følgje den same linja, å vere konge til siste slutt.

Kulturstrøm

  • Netflix skal lage norsk film

    Netflix offentliggjorde torsdag at de skal lage to filmer fra Norden, en norsk og en svensk. Den norske filmen skal hete «Kadaver» og skal være det selskapet kaller en grøsser. Jarand Herdal skal være manusforfatter og regissør.

  • Disney+ rullet ut i USA

    Strømmetjenesten Disney+ ble lansert i USA, Canada og Nederland på tirsdag. Nesten to millioner mennesker hadde forhåndsbestilt den nye tjenesten, skriver Nettavisen. Disney valgte å avsløre katalogen med filmer og serier i en lang tråd på Twitter med 300 meldinger. I tillegg til innhold fra Disney får abonnentene også tilgang til filmer og serier laget av Pixar, Marvel, Lucasfilm, National Geographic og 20th Century Fox. Prisen for Disney+ USA er cirka 65 kroner i måneden. Den ventes å komme til Norge tidlig i 2010.

    Disney+ sin logo
    Foto: Nick Agro / AFP