Aspirin-tablettar inneheld eit stoff frå piletre. Foto: NRK-arkiv.
Viss du har feber eller vondt i hovudet, så kan det godt hende at du får ein tablett med aspirin, for det er nemleg ein av dei mest brukte medisinane i verda mot feber og smerte. Men visste du at aspirin kjem frå eit tre? Det virksame stoffet i aspirin kjem faktisk frå piletreet. Allereie for fleire tusen år sidan visste folk omkring i verda, også i Norge, at dei kunne bruke barken frå piletreet til å lindre smerte. Den greske legen Hypokrit, som levde for nesten 2.500 år sidan, anbefalte sine pasientar å bruke ekstrakt frå barken til å lindre smerter ved fødslar, og til å behandle augesjukdommar.
Malaria – dårleg luft
Malaria-myggen overfører sjukdommen. Foto: NRK-arkiv.
Malaria er ein farleg sjukdom som drep mange menneske verda over. Namnet på sjukdommen tyder eigentleg ”dårleg luft”, men det er slett ikkje det den kjem av. Sjukdommen blir overført av malariamyggen. Når malariamyggen stikk eit menneske for å suge blod, sprøyter han også inn nokre små parasittar som invaderer dei raude blodcellene hos mennesket. Ein som har fått malaria blir veldig sjuk og får høg feber. Heldigvis finst det nokre medisinar som hjelp mot sjukdommen - ein av desse heiter kinin. Kinin finst i barken på kinatreet som veks naturleg i Sør Amerika og blir dyrka i Søraust-Asia. Kinin er veldig bitter på smak, og difor bruker ein det også som tilsetjing i bitre leskedrikkar som til dømes bitter lemon.
Taxol – superstoffet mot kreft
Keisar Julius Cæsar visste at barlindtreet var giftig. Foto: NRK-arkiv.
At barlindtreet har hatt giftige eigenskapar har vore kjend i fleire tusen år. Den romerske keisaren, Julius Cæsar, har til og med nemdt barlind i ei bok. Men giftig er ikkje alltid dårleg - på 70-talet fann amerikanske forskarar ut at stoffet taxol i barlind er kjempeeffektivt for å drepe kreftceller. Det einaste som er litt dumt er at ein treng så mykje barlind for å få litt taxol. Når ein skrapar av all barken på eit svært barlindtre på 100 år, får ein berre 300 mg taxol – nok til ein einaste dose for ein kreftpasient. No jobbar forskarar over heile verda for å finne andre måtar å lage taxol på slik at ein ikkje treng å bruke så mange barlindtre.
Anti-grøn stær og bedøvingsmiddel…
Coca-busk. Foto: NRK-arkiv.
Og mange busker kan også stille opp med medisinar. Frå ei afrikansk busk får ein stoffet eserin som kurerer grøn stær, Cocabusken gir det gamle bedøvingsmiddelet kokain, og stoffet efedrin har vore brukt mot både astma og høysnue.
Tenk på det neste gong du klatrar i eit tre!